TEIKNEKURS 1


Meld deg på teiknekurs i Bokn kulturskule!


Aldersgruppe: 1. - 4. klasse


Søknadsfrist: 15. juni


 

Bildet viser: Teiknekurs 1. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteTeiknekurs 1. Demonstrasjonsbilde.

Er du glad i å teikna, er dette kurset midt i blinken!


Kurset passar både for nybegynnarar og for deg som kan teikna frå før.

I vårt teiknekurs for barn i alderen 1. - 4. klasse, handlar det om å kombinera teikneglede og kreativitet med teknikkar og ferdigheiter som utviklar deg som teiknar. 

Eit kjekt og lærerikt kurs for deg som har lyst å læra grunnleggande teikneteknikkar og korleis ein kan bruka blyantar og fargar for å få fram ulike effektar i eit motiv, som til dømes skyggelegging og kontrastar. 

Du vil få individuell rettleiing og god tid til å øva på ferdigheitene gjennom oppgåvene som blir gitt i løpet av kurset.


Type:
Gruppeundervisning. Maks. 8 plassar.

Stad:
Bokn kulturskule/Bokn skule.

Tidspunkt:
Kurset vil gå føre seg onsdagar og vil vare i 45 minutt i tidsrommet 12:15-17:00.

Varigheit:
8 ettermiddagar.

Kursdatoar:
September:
Onsdag 11. september
Onsdag 18. september
Onsdag 25. september

Oktober:
Onsdag 2. oktober
Onsdag 16. oktober
Onsdag 23. oktober
Onsdag 30. oktober

November:
Onsdag 6. november

Me lagar ei utstilling av kunstverka frå kurset ved avslutning av haustsemesteret, i eit felles prosjekt for heile kulturskulen. 

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Materiell:
Du må sjølv kjøpa materiell til første undervisningstime. 
Kulturskulen held fargeblyantar. Øvrig materiell er ikkje inkludert i kursavgifta. 
Kulturskulen er behjelpeleg dersom du treng tips til kor du kan få tak i materiell.

Du må ha:

  • Teikneblokk A3.
  • Skisseblokk A4.
  • Blyantar: HB, 2B, 4B og 6B.
  • Viskelær.


Eigenandel/kursavgift:
Kr 825.

Påmelding til kurset er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter påmeldingsfristen. 

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Kurset blir fakturert saman med utsending av faktura for aktivitet i kulturskulen hausten 2024.

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.


Instruktør:
Hibbi Mannes

Søk her