GITAR I GRUPPE


Lær å spela gitar saman med andre i Bokn kulturskule!


For alle frå 8. klasse til 100 år


Søknadsfrist: 15. juni
 


 

Bildet viser: Gitargruppe. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteGitargruppe. Demonstrasjonsbilde.

Har de lyst å vera dei nye "gitarkameratane"?


Her vil de få undervisning tilpassa nivå, mål og ønske. 

Inndeling av grupper etter alder og nivå. Dersom de er fleire som ønsker å gå saman, kan du skriva inn kven du ønsker å vera på gruppe med i kommentarfeltet i søknadsskjemaet, så prøver me å etterkomma ønske så godt det let seg gjera.

Det er viktig å ha gitar å øva på heime. 

Gruppeundervisninga kan gi moglegheit for avtale om øvingsrom for gruppa i for- eller etterkant av undervisninga.
 

Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.


Gruppeundervisning, 30 minutt leksjonar pr. veke.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Eigenandel/pris pr. semester:
Under 18 år: Kr 1 084.
Frå 18 år: Kr 1 625.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Gruppeundervisninga er med atterhald om nok påmelde.


Instruktør:
Donald Sefa.

Søk her