FLØYTE


Meld deg på fløyteundervisning i Bokn kulturskule!


For alle i alderen 1. klasse - 100 år


Søknadsfrist: 15. juni
 

Lær å spela blokkfløyte

Bildet viser: Blokkfløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteBlokkfløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde.


Blokkfløyte er eit instrument med lange tradisjonar. Den finst i ulike storleikar og variantar, med ulik klang. I kulturskulen si blokkfløyteundervisning startar ein som regel med sopranblokkfløyte. Etter kvart kan ein halda fram på større fløyter som alt-, tenor- og bassblokkfløyte.

Du må ha eiga fløyte å spela på, slik at du også får øvd heime. Om ønskeleg, kan ein få kjøpa sopranfløyte via kulturskulen. Instrumentet blir då fakturert på same faktura som kontingenten for gjeldande semester.


Kva skal me jobba med:
Du vil få opplæring i instrumentalteknikk og formidling, og spele etter både notar og gehør. Repertoaret blir tilpassa alder og nivå, men kan til dømes omfatta enkle barnesongar, folkemusikk frå ulike delar av verda og moderne musikk. 

Samspel vil vera ein viktig del av undervisninga. Du speler saman med læraren din, men kan også inngå i andre samspelssituasjonar med andre elevar i mindre og større grupper.


Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Tysdag og onsdag ettermiddag.
     

Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 300.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker, kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.

Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du bli kontakta for nærare avtale om tidspunkt for time. 

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Lærar: 
Venevil Birkelund

Søk her