BOKNAKORET


Likar du å synge?


Bli med i Boknakoret!


For ungdom (frå 8. klasse) og vaksne
 


 

«A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018. Anne Brit Solland «A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018. Anne Brit Solland Seniorperler m/Hanne Krogh og Boknakoret i Tysværtunet september 2019 Alf-Einar Kvalavåg

Opplev songglede og meistring saman med andre


Her får du opplæring i stemmebruk, fleirstemt song og god trening i å lytta til andre og skapa harmoniar og musikk saman.

Ein må ikkje ha forkunnskapar eller kunne notar for å vera med. Her er songgleda i fokus!

Boknakoret har eit godt og triveleg samarbeid med koret, Aksang, og me øver anna kvar gong i Bokn og i Aksdal.
Koret deltek ofte på lokale arrangement både i Bokn og Tysvær og det er som regel ein større korkonsert som avslutning av kvart semester.


Tidspunkt for øvingane:
Tysdagar.
Bokn: 19:00 - 21:00.
Aksdal: 19:30 - 21:30.

Me øver anna kvar gong i auditoriet i Bokn og på Tysværtunet i Aksdal. Me organiserer oss gjerne i forhold til køyring.


Eigenandel/pris pr. semester skuleåret 2024/2025:
Under 18 år: Kr 1 084.
Frå 18 år: Kr 1 625.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Lærar/dirigent:
Anne Tove Øvrebø


Meld deg inn her