Gitar


For barn (frå 3. klasse), ungdom og vaksne.


Søknadsfrist ordinært opptak: 10. juni.

Bildet viser: Gitarundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteGitarundervisning. Demonstrasjonsbilde.

Lær å spela gitar i Bokn kulturskule


Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.


Kva skal ein jobba med:
Her får du undervisning tilpassa ditt nivå, dine mål og ønske.

Det er ikkje nødvendig med forkunnskapar.

Det er viktig å ha eit eigna instrument å øva på heime. 

Gitar gir mulighet for samspel i gitargrupper eller andre samspelssamansettingar.
 

Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Torsdagar mellom kl. 14:30 og 18:30.


Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Kr 1 244.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. noter/notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.

Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Avrensa med plassar, så ver raskt ute.

Instruktør:
Donald Sefa.

Søk her