Ordføraren har ordet, år 2012

Kyrre Lindanger:

Desember 2012

Kjære sambygding

Budsjett 2013
Kommunestyret handsama i møte den 18. desember drift- og investeringsbudsjett for 2013 og økonomiplan for 2014-2016. Som me har vore inne på tidlegare, går me trongare tider i møte, og det vedtekne budsjettet er stramt. Dette skuldast i hovudsak ein reduksjon i det statlege rammetilskotet. Rådmannen sitt forslag til budsjett og økonomiplan for perioden 2013-2016 viser at nettodriftsresultat bare ligg mellom 0,5 - 1 %, mens det etter ei sunn økonomistyring burde ha lege på om lag 3%. Kommunestyret vedtok difor at rådmannen skal førebu eit forslag til revidert og konsekvensjustert budsjett som visar kostnadar med vedtekne og planlagde investeringar som forbetrar netto driftsresultat oppunder 3%. Dermed er det seksjonane sjølve som må ta ein gjennomgang på område som smertar minst å strame inn på.
I tillegg blei det vedtatt at me burde forsøka å reforhandla samarbeidsavtalar me har inngått og avtalar med andre kommunar/institusjonar om kjøp av tenester og/eller vurdera dei på nytt i løpet av 2013. Rådmannen blei også beden om å vurdera og gjennomføra organisasjonsmessige endringar som kan vera med på å gje ei meir kostnadseffektiv drift.

Til tross for dette, fann likevel kommunestyret rom for fleire nye driftstiltak og nokre få større investeringar. På grunn av høgt utlån og aktivitet ved Bokn bibliotek, var det på tide å auke stillingsramma med 10%. Vidare auka ein tilskottet til vedlikehald av gravlunden ved kyrkja til 50.000 kroner. Det blei løyvd midlar til utelys ved skuleplassen og til innkjøp av uteleiker til uteområdet ved skulen og barnehagen. For den siste blei det også sett av midlar til at tilsette kan ta førarkort for minibuss, slik at barnehagen i større grad kan bruke den kommunale minibussen til utflukter og liknande. Det blei også satt av midlar til ein ny ergoterapeutstilling.

Når det gjeld investeringar til neste år, blei det satt av midlar til nytt reinseanlegg i Føresvik og kloakktiltak i Alvestadkroken, mens det blei satt av 800.000 kroner til nytt overrislingsanlegg til sjukeheimen og omsorgsbustadene. Totalt blir det investert for eìn million kroner komande år. Det kan også nemnast at innkrevjinga av kommunale avgifter nå skal skje kvartalsvis gjennom fire årlege fakturaer.

Formannskapslovene 175 år
I år er det 175 år sidan formannskapslovene og lokalt sjølvstyre blei innført i Noreg. Med det var grunnlaget lagt for den moderne norske kommuneforvaltninga og lokaldemokratiet. Den 28. mars 1837 blei det fyrste formannskapet vald i Stavanger. Det etterfylgjande året kom byar og bygder med over heile landet. Bokn kommune blei eigen kommune 18. mars 1850. Før det var Bokn ein såkalla soknekommune innan Skudenes Formannsskapsdistrikt som også femnde om Ferkingstad og Åkra soknekommunar, eit område som var identisk med Falnes prestegjeld.

Formannskapslovene 175 år.

Ein liten periode før Bokn blei eigen kommune hadde statlege mynde forsøkt å legga til rette for at Bokn og gamle Tysvær skulle ha felles formannskapsmøter. Dette gjekk heller dårleg; Ingen tysværbuarar møtte då Bokn var vertskap for det fyrste fomannskapsmøtet i denne alliansen, og på det neste møtet i Tysvær møtte det ingen boknarar. Det var då myndighetene ga opp og delte dei to kommunane.

Formannskapslovene vil alltid vera eit viktig skiljemerke i norsk politisk historie. I dag er kommunane og fylkeskommunane berebjelken i velferdsstaten. Kommunane er ein viktig del av det nasjonale styringsverket og utgjer den desentraliserte velferdsstaten. Kommunane leverar i dag tenester som innbyggarane i det store og heile er godt nøgde med. Lokaldemokratiet har stor legitimitet. Eg har inntrykk av at dei folkevalde finn arbeidet i kommunestyret og andre politiske organ som meiningsfullt og gjevande. Formannskap og kommunestyrer er ikkje bare ei utviding av demokratiet, men dei fungerar også som ein slags ”demokratiskule” som gjer det lettare for ”vanlege” folk å ta spranget vidare over i rikspolitikken.

Kommunesektoren sysselset om lag ein halv million menneske i dag – ein femtedel av alle som arbeidar i Noreg. Dei gjer ein svært god jobb for å yte tenester og for å skapa gode lokalsamfunn. Men eg trur at kommunane og fylkeskommunane må sitja i førarsetet viss me i framtida skal vera i stand til å møte velferdsutfordringane. På mange område må ein tenka nytt og finna fram til andre løysingar enn i dag. Ein må med andre ord virke for ein kultur som er prega av innovasjon, nytenking og idéutvikling. Det blir krevjande, men heilt naudsynt å få til.

Boknakalender 2013

Framside, Boknakalenderen 2013

Som tidlegare finn de også i år vedlagt kalender i utsendinga av dette bladet. Boknakalenderen  har etter kvart funne sin naturlege plass i boknaheimane og er både meint å vera eit lite utstillingsvindauge i forhold til det  boknanaturen har å by på, og kanskje ein inspirasjonskilde til å ta i bruk nærmiljøet vårt. Også i år har me lagt oss i selen for å få ein god variasjon når det gjeld motiv, stader og fotografar. Bileta har fått fylgje av ein kort lokalhistorisk tekst om dei aktuelle stadene, og er ført i pennen av Birger Lindanger. Eg håpar Boknakalenderen 2013 fell i smak.

Eg vil ynskja alle leserane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt nytt år.

Ordføraren 

 

November 2012

Kjære sambygding

Aktiv haust
Me nærmar oss jul og har snart lagt bak oss ein mørk og særs våt haust – med mange lyspunkt! Særleg har lag- og organisasjonar og det offentlege gjort sitt med sine ulike arrangment. Kulturkalenderen i haust har sjeldan vore så innhaldsrik:
Fyrst 1. september med «Bokn Opp», bygdas fyrste sykkelritt og med toppen av Boknafjellet som mål. Deretter fylgde arrangementa på rekke og rad: NM i Trial, TV-aksjonsaftan, bLEST, kulturkveld på bedehuset, revy, ungdomskonferanse, ”Ingen Grenser” – tur til Vardafjellet, Vamp-konsert og jule-konsert, bare for å nemna nokre. Og elles har det blitt gjennomført både bingo, basar, kino, julemarknad og generell møteverksemd i lag- og organisasjonar.

Boknakoret m/solist, musikarar og dirigent Anne Tove Øvrebø framfører ”En Sång Om Frihet” under TV-aksjonskvelden i Audi-toriet 19. Oktober. Meir om dette arrangementet i neste blad - redaktøren.

Gjennom desse aktivitetane viser lag- og organisasjonslivet i Bokn fram breidda i aktiviteten og er med og skapa fellesskap og samhald i bygda. Samstundes blir det formidla kunnskap og læring, noko som er med og styrkar dei frivillige si rolle som viktige demokratiske aktørar. I små bygdesamfunn som representerar dei alle eit vesentleg bidrag til kvar boknars livskvalitet. Eg set stor pris på denne aktiviteten som er ein føresetnad for eit levande, rikt og mangfaldig lokalsamfunn. Det er viktig for omdømmet til bygda og vil vera ein viktig faktor ikkje bare for å auka tilflyttinga til kommunen, men også ein særs positiv faktor for å styrka den generelle trivselen og med det folkehelsa.

Bokn har ein lang tradisjon og føre-setnad for å støtta opp om lag- og organisasjonslivet i bygda. I ein liten kommune som vår er det kort veg mellom dei styrande prosessane og organisasjonane. Det er ein naturleg og tett kontakt, og i kommunen har ein framifrå oversikt over aktiviteten i organisasjonane. I mange år har ein hatt ein langsiktig strategi for å støtta opp om det frivillige lag- og organisasjonslivet her. I møte 4. desember fordelte difor formannskapet etter søknad 150.000 kroner til 13 ulike lag- og organisasjonar i bygda. I tillegg kjøpte Bokn kommune inn ein minibuss for eit par år sidan som lag- og organisasjonar kan leiga. Tradisjonane med dugnad og deltaking gjennomsyrar lokalsamfunnet vårt. Ein sterk frivillig sektor har vore med på å forma samfunnet vårt slik det er i dag gjennom rolla som pådrivar. Nokre har meint at utviklinga av velferds-samfunnet ville bidra til å redusera den frivillige innsatsen, og at me ville mista viktige verdiar i samfunnet om det
offentlege tok over ansvaret på viktige velferdsområde. Slik har det ikkje blitt. Engasjementet er framleis sterkt, men det har funne nye vegar. Før gjekk ein med i frivillig arbeid fordi ein måtte, nå bidrar ein fordi ein vil.

Å høyra til små og store fellesskap er viktig for å leva det gode liv. Bokn kommune vil difor halda fram arbeidet med å legga tilhøva best mogleg til rette for lag- og organisasjonslivet, og alle dei som elles ynskjer å engasjera seg i ulike frivillige aktivitetar framover.

Ordføraren 

 

Oktober 2012

Kjære sambygding

Reguleringsplanar Rogfast
Planlegginga av Rogfast går raskt framover og nå har Statens vegvesen laga forslag til reguleringsplanar for E39 Rogfast i kommunane Randaberg, Kvitsøy og Bokn. Reguleringsplanane blei presenterte og gjennomgått med representantar frå Statens vegvesen i auditoriet på Bokn skule i eit informasjonsmøte den 23. oktober. Godt og vel 50 personar møtte opp for å høyra siste nytt om prosjektet.

Reguleringsplanane ligg nå ute på servicetorget og biblioteket.
Etter at planane har vore på offentleg høyring, skal merknader til planane handsamast før kommunane gjer vedtak.

Nytt planfritt kryss og avkjøringar på E39 ved Austre Bokn, her illustrert i fotomontasje, skal stå klart før opninga av Rogfast.

Statens vegvesen har gjennomført reguleringsarbeidet i nært samarbeid med kommunane Randaberg, Kvitsøy og Bokn. Internt i Statens vegvesen blir planarbeidet styrt av prosjektavdelinga i Region vest. I tillegg er det oppretta referansegruppe i planarbeidet. I denne gruppa sit fylkesordførar, ordførarar i dei kommunane det gjeld og ein del nabokommunar, i tillegg til LO og NHO.

Det er også etablert ei administrativ kontaktgruppe der den administrative leiinga i dei tre kommunane prosjektet gjeld, deltek saman med Rogaland fylkeskommune og fylkesmannen i Rogaland.

Prosjektet er prioritert i siste del av perioden under føresetnad av at det er lokal godtaking for delfinansiering med bompengar. I forslaget til NTP 2014–2023 er dette følgt opp. Reguleringsplanen skal vera på høyring fram til 20. november, og denne høyringsperioden dannar grunnlaget for handsaminga i Stortinget sommaren 2013. Går alt etter planen kan det bli byggestart i 2015, og opning i 2022-2023.

Statsbudsjettet for 2013
Den 08. oktober blei regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2013 lagt fram og her går det mellom anna fram at regjeringa legg opp til ein realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2013 på 6,8 mrd. kroner. Av denne veksten er 5 mrd. kroner frie inntekter, noko som er svært positivt.

Forslaget til statsbudsjett gir likevel ikkje grunnlag for nokon fest i kommunenoreg. Veksten i dei frie inntektene i 2013 heng saman med kommunesektorens stipulerte meirutgifter knytt til folketalsutviklinga. Budsjettforslaget vil nok jamt over kunne bidra til at kommunane kan oppretthalda dagens tenestetilbod, men eg trur det blir små rom for oppgradering og nysatsingar der velferda blir produsert.

Bokn kommune får ein auke i statlege overføringar på 1,3 %, noko som plasserar oss på jumboplass i forhold til resten av Rogaland. Gjennomsnittet for kommunane i Rogaland ligg på 4,5 %  prosent, og 4,1 % for heile landet. Rennesøy kommune får mest med ein auke på 6,8 prosent. Viss ein då trekk frå lønns- og prisstigninga til neste år, pensjonsforpliktingar og ser på dei demografiutfordringane me har som vekstkommune, er det knapt nok pengar til å vidareføra den drifta som me har i dag. Faktisk ligg det an til ein realnedgang på 2 %.

Eg kan alt no varsla at kommunebudsjettet for 2013 blir stramt og bør innehalda visse innstrammingar og omprioriteringar. Det blir såleis ein krevjande jobb, både politisk og administrativt, å få budsjettet i hamn.
Rådmannen legg fram sitt budsjettforslag i byrjinga av november, og kommunestyret gjer vedtak den 18. desember.

Utbygging barnehage
Arbeidet med å utvida Bokn barnehage går for fullt og ein viktig milepæl blir nådd i november når prosjektet blir lagt ut på anbod. Arbeidsgruppa har jobba effektivt og målretta, og i løpet av november blir dei endelege skissene ferdigstilt, med mellom anna fasadeskisser og romprogram. Barnehagestyrar sit i arbeidsgruppa, og ho har hatt tett dialog med sine pedagogiske leiarar for å få ein god medverknad, spesielt i forhold til utforminga av romprogrammet.

Prosjektet blir i slutten av november lagt ut på anbod i tre veker. Oppunder jul vil ein ha oversikt over prisar og kostnader, og dette dannar grunnlaget for sak om finansiering som går til politisk handsaming i februar 2013.

Ein satsar på å kome i gang med bygginga i løpet av vinteren 2013, og med ein byggeperiode på om lag eit halvt år. Går alt dette etter planen kan den nye avdelinga takast i bruk til hausten 2013 i samband med oppstart av nytt barnehageår.

Ordføraren

 

September 2012

Kjære sambygding

Tomter og bustader i Bokn
Det er i Bokn eit breitt og sterkt ynskje om å legga til rette for fleire tomter og nye bustader, både politisk og administrativt. Berre på den måten kan ein sikra ei positiv folketalsutvikling i åra framover. Men bustadmarknaden i Bokn er framleis avgrensa, og fram til for eit par år sidan mangla ein søkjarar til den bustadmassen som var for sal i Bokn, mellom anna i bustadkomplekset vest for Boknatun og til dei planlagde terrassebustadene i Føresvik. Likevel er me nå i den situasjonen at det er knapt med bustadmasse i bygda. Men det er lys i enden av tunnelen.
Kort om dagens situasjon: I gjeldande kommuneplan ligg det framleis inne ledig areal avsatt til spreidde bustadområde. Desse områda ligg riktig nok utføre dei sentrale sentrumsområda i kommunen, men områda er framleis ikkje utbygde og blir heller ikkje tatt ut i samband med rullering av kommuneplanen.

Eitt av dei siste husa som er bygde i Bokn.

Når det gjeld privat utbygging av Havnavegen Nord, er reguleringsplanane ferdig handsama frå kommunen si side. Nå er det opp til utbyggjar å setja spaden i jorda, og eg håpar området blir lagt ut for sal i løpet av kort tid.

I forhold til utbygging i området Fyren, har arkeologiske utgravingar medført sterke avgrensingar i området. Det opphavlege området som var tenkt satt av til bustader, blei halvert på grunn av arkeologiske funn som blei gjort på staden. Dette har skapt forseinkingar i forhold til å byggemogna nye tomter, men formannskapet vil i løpet av hausten ta stilling til korleis området skal nyttast.

I prosessen med å regulera kommuneplanen for Bokn og avsetjing av framtidig bustadareal, er det politisk lagt vekt på å fylgja opp intensjonane i kommuneplanprogrammet som mellom anna seier noko om utbyggingsretning. I hovudsak skal større områder nord og vest for Føresvik setjast av til bustadformål. I tillegg er det satt av areal til bustadføremål øvst i Alvestad, i området ved «Plattingen». Det er også tatt inn nokre mindre område nord på Austre Bokn, Øyren og i Våga.

Det har den siste tida pågått ein debatt når det gjeld bustadsituasjonen i Noreg. I kommunesektoren ser ein at den nye plan- og bygningslova er veldig komplisert, noko som forlenger planprosessane unødig og som førar til at prisane på bustader går opp. Kommunane har fått eit mykje strengare lov- og rammeverk å forholda seg til og strengare krav til reguleringsplanar.
Det er krevjande å få utbyggarar til å satsa i vesle Bokn, sjølv når ein veit kva som kjem av samferdsletiltak på begge sider av kommunegrensene om få år. Marginane er små i byggebransjen, og dei fleste firmaene er avhengig av å finansiera byggeprosjekt ved lånopptak. Bankane på si side krev ofte 70% førehandssal før lån blir gitt, og det har vist seg vanskeleg å få til i mange tilfelle i kommunen vår. Heldigvis har ein den siste tida hatt lokale byggefirma som har våga å satsa i Bokn.
Bokn kommune vil likevel aktivt halda fram arbeidet for at ein i nær framtid kan få auka utbygging og byggemogna tomter i bygda.

NM i trial på Bokn
For fyrste gang i historia arrangerar Pluggen Motorklubb NM i trial for lag på eigen heimebane, og hendinga finn stad den 5.- 7. oktober på Torland og ved Bokn skule. I løpet av denne oktoberhelga skal 46 lag frå heile landet stilla til start i knivskarp konkurranse om NM-titlar, og det skal konkurrerast i klassane NM, damer, junior, veteran og uoffisiell klasse.

Pluggen Motorklubb arrangerte Noregs Cup i 2008 og 2010, og har med det opparbeidd seg solid erfaring med å planlegga og gjennomføra store meisterskap. Og på den måten har Pluggen også marknadsført motorsporten på ein framifrå måte, både lokalt og nasjonalt.

Dette arrangementet har blitt førebudd i over eitt år. Hundrevis av timar med dugnadsinnsats frå vertsklubben og eit breitt engasjement frå bygda er investert i tilrettelegginga. For å illustrera storleiken på arrangementet, kan det nemnast at hundre av kommunens 854 innbyggjarar stiller som funksjonærar i samband med årets NM. Med andre ord: Kvar åttande boknar er mobilisert for at trialkjørarane kan trilla fram til startstreken på Torland!

Eg ser fram til mange spennande løp i varierte seksjonar på trialområdet, og håpar flest mogleg boknarar legg turen til trialløypene for å oppleva og ta del i noko så sjeldan som eit noregsmeisterskap i bygda! Eg vil ynskja Pluggen MK lukke til med arrangementet og er viss på at både kjørarar, støtteapparat og publikum får ei flott helg på Bokn.

TV-aksjonen 2012
TV-aksjonen er NRK sin årlege innsamlingsaksjon og i år går han av stabelen sundag 21. oktober. Pengane frå årets TV-aksjon går i år til Amnesty sitt arbeid med å styrka menneskerettane til millionar av menneske over heile verda, eit arbeid organisasjonen har ført i over femti år.

Slagordet for TV-aksjonen er «Stå opp mot urett» og gjenspeglar Amnesty sin støtte til fridomskampen til modige menneske som blir knebla, forfulgt og torturert når dei forsvarar ytringsfridomen. Pengane frå TV-aksjonen vil bli brukt til å intensivera arbeidet i ei rekkje land med å etterforska og dokumentera overgrep, undervisa i menneskerettar, fremja rettane til kvinner og minoritetar, jobba for å få lauslete ulovleg fengsla menneske og stilla overgriparar til ansvar.

I samband med TV-aksjonen har Bokn formannskap løyvd 25 kroner per innbyggjar. Det vil bli gjennomført ulike arrangement i forkant av sjølve TV-aksjonsdagen. Det startar fredag 19. oktober med tradisjonell skulebasar på dagtid, og på kvelden inviterar kommunekomitèen til TV-aksjonsaftan i auditoriet.

Eg vil oppmoda boknarane til å opna lommebøkene den 21. oktober og ta godt i mot bøsseberarane, støtte eit særs viktig arbeid og syte for at Bokn hamnar på toppen i landet når det gjeld gjevarglede.

Ordføraren

 

August 2012

Kjære sambygding

Vel overstått sommar
Når skottane kastar ut juletrea er det sommar, heiter det. Om det skjer i desse dagar er uvisst, men finvêret kjem ofte når skulen startar. Slik er det også i år. Forfattaren Einar Skjæraasen skildrar august som den skjelvande strengen mellom sommar og haust, overgangen frå lange dagar til mørke kveldar. Det kan vera greitt å ha nokre fine seinsommar dagar til å lada opp dei siste prosentane på livsbatteriet nå i inngangen til haust-sesjonen.

Hausten inneber stor aktivitet både i administrasjonen og i politikken. I mange av dei større sakene ein jobbar med, kjem det fleire vendepunkt nå i haust: Kommuneplanarbeidet er inne i siste fase og blir lagt ut på høyring av planutvalet i desse dagar. Forslag til reguleringsplan for Rogfast blir presentert for referansegruppa i månads-skiftet august/september.
Når det gjeld ferdigstilling av moloen i Hålandssjøen blei det gjennomført synfaring i sommar og anbodsdokument blir ferdigstilt i løpet av september. Målet er å starta opp anleggsarbeidet på moloen i løpet av hausten.

Elles blir prosjektleiar for utbygginga av fleirbrukshall, slik det ser ut nå, mest sannsynleg tilsatt i september. Arkeologiske utgravingar er starta opp i dei områda som er satt av til offent-lege formål ved ”Tresnippen” i Føresvik. Arbeidet med å bygge ut barnehagen er kome godt i gang. I forhold til sistnemnde blei det i veke 33 gjennomført synfaring med mellom anna arkitekt, seksjonssjef og styrar i barnehagen, og teikningar og romprogram blir utarbeida i desse dagar. Målet er å kunne opne den nye avdelinga neste barnehageår.

Kultursoga
Arbeidet med bygdeboka skrid raskt fram, og til i sommar var det skrive 400 sider boknasoge. Men historia vår har vist seg mykje meir omfattande enn me trudde. Denne ferdigskrivne perioden fram til 1700 på 400 sider utgjer likevel bare 1/3 av heile historia. I utgangspunktet var det tenkt at historia om Bokn skulle få rom innan rammene av to band, nå ser det ut til at to band på til saman kring 1100 sider må til!

BYGDEBOKNEMNDAI ARBEID: fv. Reidar Alvestad, Olav G. Larsen, Birger Lindanger, Leif Vatnaland, Arne Øvrebø, Sigvart Våga og Olaug Hognaland.

Bygdeboknemnda har også gjort eit framifrå arbeid med å samla inn stoff til boka. Nemnda har nå over hundre timar med intervju, og har avfotografert over tusen avisartiklar om Bokn frå 1914 fram til i dag, artiklar som ligg på data, og det blei gjennomført ein ny innsamlingsaksjon av historisk interessant boknafoto som har gitt oss ein skatt på tusen foto attåt dei tusen bileta ein har frå før. Sidan i vår har også arbeidet vore i gang med å skriva av intervjua som ikkje tidlegare er avskrivne, ei historisk gullgruve i seg sjølv for komande generasjonar.

Attåt er det avfotografert og lagt inn på data titusenvis av sider med historisk materiale: Alt frå arkeologiske funn, brev og skattelister frå mellomalderen, tingbøker og arveskifteprotokollar sidan 1600-talet, folketeljingar, kyrkjebøker, alle slag foreiningsprotokollar, eit komplett sett av kommunestyreprotokollar sidan 1837, pantebøker sidan 1600-talet, militære utskrivingar, jordbruksteljingar sidan 1668, fartøyteljingar sidan 1808, amerikabrev frå 1800-talet, fattigstyreprotokollar sidan 1700-talet og alle slag kommunale protokollar elles bare for å nemna noko. Det meste av dette blei gjort det fyrste året medan det andre året stort sett har gått med til å skriva ut boka.

Både forfattar og nemnd har også gjort noko av dette tilgjengeleg ved å stått til disposisjon for bygdefolket til dømes i samband med skulen sin tur til festninga på Loden, turen til Ådnaneset, etableringa av utkikkspunktet på Boknafjellet og i form av artiklar i Bygdabladet og aktivitet i historielaget.

Her er utruleg mykje å ausa av, og det ville vera leitt om bare halvparten skulle koma boknarane til gode når arbeidet fyrst er i gang. Men ei dobling av volumet tek sjølvsagt tid å leggja til rettes. Me håpar difor at folk har forståing for at bygdebøkene difor blir utsett eit år slik at kan liggja under juletreet i 2013.

Ordføraren

 

Juli 2012 

Kjære sambygding

Den 30. juni vakna boknarane opp til den triste meldinga om at me hadde mista ein av ungdommane våre under Skudefestivalen i Skudeneshavn. Det var vanskeleg å ta innover seg at ein av våre ungdommar, som stod på trappa til vaksenlivet, på tragisk vis blei riven bort. Tommy Øvrebø var umisteleg for sine kjære, men også for venner og kollegaer og eit heilt samfunn. Han var ein sjeldan miljøskapar, og han let etter seg eit tomrom. I ei lita bygd blir me alle råka når slikt skjer.

I 1996 blei boknasamfunnet ramma av ei hending der ein ungdom omkom i samband med ei tragisk ulukke i Oslo, samstundes som to born blei tatt av ein bråttsjø då dei gjekk tur på svaberga i Loden. Dei vonde kjenslene frå desse to hendingane kom tilbake for mange nå i sommar. Men den gang som nå viste boknarane samhald og varme for kvarandre. Dører blei opna i ungdommelege rammer på idrettshuset, kyrkja og i mange boknaheimar. Boknarane stod opp for kvarandre og var der for ein heil generasjon av ungdommar som var direkte råka av hendinga.

Minnestund

Sorga for pårørande og venner går ikkje over sjølv om livet går vidare. Ein lærar seg sakte å leva med det som har skjedd, men det er ei lang reise. Å kome seg vidare er ikkje alltid lett når livet tar ei vond vending. Det er viktig å akseptera at sorg tar tid. I vår tid og i vår kultur er det ofte når alle rituala kring dødsfallet og gravferda er over, at sorga tyngjer mest. Då står ein der med i ei kjensle av å vera åleine i saknet. Difor er det ikkje minst då at den vesle merksemda kan vera så viktig for dei som er i djup sorg. Ein klem, eit klapp på kinnet, eller orda: «Tenker på deg.» skrive på eit fint kort, har stor betydning når kvardagen set inn.

Tommy blir ikkje gløymd. Minna om han lever vidare. Han hadde ein stor vennekrets og mange har opplevd det musikalske talentet hans og utstrålinga frå scenekanten då han spelte og song i bandet «The Kvednabekkjers». Ein flott ungdom kjem ikkje til å få utfolda seg slik han skulle gjort. Han er borte, men songane og tekstane hans vil leva vidare.

Eg vil takka alle som på ein eller annan måte har bidrege i sorgarbeidet og som har gitt ei skulder å gråte på, og som gjennom ord eller handlingar har vist medkjensle i ei tung tid for ungdommane i Bokn.

Vit at heile bygda er med dykk!

Ordføraren

 

Mai/Juni 2012

Kjære sambygding

Vegnamn
I byrjinga av 2000 innførte Bokn kommune namn på dei lokale vegtraseane i bygda som grunnlag for å etablera adresseparsellar og for å kunne gi eit logisk oppbygd adressesystem i kommunen. Saka blei likevel hengande i lufta etter at enkelte vegnamn blei tatt ut igjen nokre år seinare. I møte den 15. mai gjorde formannskapet vedtak om å ta tilbake nokre av dei opphavlege vegnamna. Desse er Dagslandsvegen, Hålandsvegen, Krovågen, Bakken, Stølsvegen, Stabburvegen, Lyngvegen og Leirgrov.

Døme på vegnamnskilt.

Som i andre kommunar handlar stadnamn om engasjement og sterke meiningar. Vegnamn er sterkt knytt opp mot tilhøyre og identitet. I tillegg er vegskilting ein viktig måte å halda i hevd gamle stadnamn som elles ville ha gått ut av daglegtalen. Med vedtaket som formannskapet gjorde i vår, håpar eg dei siste brikkene har falt på plass i forhold til dette temaet.

Vegnamna skal endeleg godkjennast av kommunestyret og nye husnummer må tildelast aktuelle husstandar. Det er uvisst når dette kan skje, men skilta med dei nye namna ligg klar og kan monterast opp på kort tid. Deretter vil det vera ein overgangsperiode på omlag to år der dei nye namna blir fasa inn i ulike kartdatabasar.

Hålandssjøen
Arbeidet med å få ferdigstilt moloen i Hålandssjøen går nå inn i sluttfasen. I fjor fekk Bokn kommune ført steinmasse frå T-sambandet til moloanlegget, og nå gjenstår arbeidet med mellom anna plastring. I tillegg skal ein grava opp massar på innsida av moloen som ligg så grunt at dei hindrar bruken, og ein skal føra fram vatn og straum. Molotoppen skal også planerast og få toppdekke.

Kommunestyret løyvde i møte den 17. april midlar til å planlegga og gjera ferdig moloen og landområdet ved molofestet. Planen skal visa bruken av båthamna på sjø og land og legga til rette for parkering og fellesnaust med boder. Anbudet på arbeidet med å ferdigstilla moloen blir sendt ut i løpet av sommaren. Sjølve arbeidet bør kunne setjast i gang i løpet av hausten.

I tråd med kommunestyrevedtaket blir det i desse dagar laga til forslag til avtale med Bokn Båtforening om langtidsleiga der båtforeninga skal administrera vidare utleige. Det er sett som ein føresetnad at innskot og leige frå brukarane skal bera kostnadane som båtforeininga har på ein relativ andel av kommunen si investering i området.

Brannsamarbeid
Det blir i desse dagar inngått ein ny samarbeidsavtale mellom Bokn kommune og Tysvær kommune når det gjeld brannvern- og feiing i Bokn. Bakgrunnen for dette samarbeidet, er behovet for auka fagleg kompetanse i forhold til beredskap, tilsyn og ressurstilgang. Ein ser at det frå sentralt hald blir stilt stadig strengare krav til leiing og brannmannskap. I Bokn kommune har ein fram til nå hatt medarbeidar med denne kompetansen, men det har blitt stadig vanskelegare å kombinera brannsjefrolla med andre arbeidsoppgåver.

Tysvær kommune vil etter den nye samarbeidsavtalen ta over brannsjefoppgåvene for Bokn. Dette inneber at Tysvær kommune skal utføra ein del av dei oppgåvene Bokn kommune er pålagde etter Brann- og eksplosjonsvernlova. Dette inneber også at Bokn brannvesen blir innlemma i etablert brannbefalsordning i Tysvær kommune.

Denne avtalen er eit nødvendig steg i retning av eit tettare interkommunalt samarbeid mellom brannetatane på Haugalandet. Ei stadig innskjerping av krav til kompetanse hjå brannmannskapa gjer det naudsynt å søke saman mot eit tettare samarbeid på tvers av kommunegrensene. Det har tidlegare blitt forsøkt å etablera eit interkommunalt brannvesen i vår region etter modell frå Sør-Rogaland, men utan at ein til nå har lukkast.

Spesielt med tanke på nye samferdsleprosjekt som vil kome dei neste åra, med lange undersjøiske tunnelar i T-sambandet og Rogfast, trur eg tida er moden for kommunane på Haugalandet å søke saman i eit interkommunalt brannvesen. Bokn blir vertskommune for tunnelinnslaget til Rogfast i nord og får ansvaret for brann- og redning i sin del av den undersjøiske tunnelen. Dette er oppgåver som ville vore utfordrande sjølv for større kommunar, men kan også opna dører for nye aktivitetar i Bokn, slik som til dømes etablering av eit beredskapssenter i Arsvågen der naudetatane kan samlokaliserast.

Det er i gang tverretatlege samtaler om dette emnet der Bokn kommune sjølvsagt er representert. Eg håpar planlegginga rundt Rogfast-prosjektet kan vera brekkstanga som vippar på plass den mest framtidsretta organiseringa av brannberedskapen i regionen: Haugaland Interkommunale Brannvesen.

Ordføraren

 

April 2012

Kjære sambygding

Kommuneplanarbeidet
Arbeidet med å rullera kommuneplanen i Bokn går nå inn i siste fase og ein ser ende på arbeidet som blei starta opp hausten 2008. Kommuneplanrullering er eit ressurskrevjande og omfattande arbeid, men samstundes er ”generalplanen” det viktigaste styringsdokumentet politikarar og administrasjon har. Men kravet om eit planprogram har forseinka arbeidet eitt år i dei fleste kommunane.

Kommuneplanplansje

I løpet av mai skal ein avgjera kva innspel som skal til høyring og forhåpentlegvis blir ein del av den nye kommuneplanen. Samstundes ferdigstillar administrasjonen samfunnsdelen (tekstdelen). I løpet av sommaren blir planen lagt ut på høyring. Eventuelle innvendingar frå Fylkesmannen vil bli handtert tidleg på hausten. Det kan då vera aktuelt med synfaringar, møter og eventuelt mekling for å avklara usemje mellom kommune og stat.

Arbeidet med kommuneplanen har tatt tid, og det kjem det også å gjera i framtida, men eg meinar det har vore ein god og konstruktiv prosess undervegs. Både politisk og administrativt har det vore brei deltaking og dei nye politikarane har fått medverka og satt sitt preg på arbeidet og med det har ein sikra ei naudsynt forankring til kommunen sin mest sentrale plan dei komande åra.

Produksjon av Bokn Bygdablad
Alle kommunar har eit informasjonsansvar ovanfor innbyggarane. Måten ein sikrar informasjonsflyt ut frå rådhusa blir løyst på ulike måtar i kommunesektoren. I Bokn har ein vald å distribuera informasjonen til innbyggarane i ei innpakking som du nå held i henda. Ein har jamvel vald å gå litt lenger i Bokn. I tillegg til kommunalt stoff freistar ein å spe på med redaksjonelt stoff frå bygda i form av nyhendeartiklar, portrettintervju, historiske artiklar, lesarinnlegg og anna stoff som tar opp i seg livet i bygda.

Ei framside av Bokn Bygdablad.

Å produsera bygdabladet er ressurskrevjande og er heller ikkje ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Ein har likevel, gjennom 27 år, sett verdien av å ha ei eiga ”lokalavis” som i tillegg til å vera informativ, bygger boknaidentiteten og aukar kjensla av samhald og fellesskap gjennom ulike artiklar om stort og smått frå livet i Bokn. Ut i frå tilbakemeldingane blir Bokn Bygdablad satt pris på – både i og utføre Bokn. Men Bokn Bygdablad er ikkje ei dagsavis som omtalar nyhendebiletet siste døgnet. Bladet kjem ut med 10 utgåver i året og artiklane kan vanskeleg vera dagsaktuelle i forhold til papirutgåva. Bokn Bygdablad er eit kommunalt informasjonsorgan der ein nyttar høvet til å dokumentera alle sider av bygdalivet i ord og bilete, til glede for nåverande og komande generasjonar.

Sett utifrå storleiken på kommunen vår, er det imponerande at ein i det heile tatt maktar å produsera eit eige bygdablad. Det er ikkje vanskeleg å forstå at med knappe ressursar er redaksjonen heilt avhengig av å få tilsendt stoff som er produsert av boknarane sjølv.
Redaktøren har 50% stilling til produksjon av bygdabladet. I dette inngår både journalistisk arbeid, handsaming av innkome stoff, biletbehandling, montering av bladet og oppdatering av nettstaden. Produksjonskostnadane knytt til trykking er merkbar, og ein auke i utgiftene til journalistisk arbeid vil nødvendigvis gå ut over andre lovpålagde oppgåver. Difor vil produksjonen av dette produktet inntil vidare vera eit kompromiss basert på ein viss dugnadsinnsats frå bygda sine eigne skribentar.

Eg vil oppmoda boknarar og det frivillige lags- og organisasjonslivet i Bokn til å bidra i produksjonen og vera med å gjera dette til eit endå betre blad. Har du noko på hjarta eller er det hendingar du meinar burde vore omtala i Bokn Bygdablad, har ein her eit framifrå talerøyr som når ut til dei fleste sambygdingane. Er det hendingar eller arrangement i Bokn som burde vore skrive om og som redaksjonen sjølv ikkje får fylgd opp, kan ein knipsa eit bilete sjølv og skriva nokre ord. Ein kan også få hjelp til å forma ut ein artikkel i etterkant ved å venda seg til redaktøren.

På denne måten vil ein bidra til at Bokn også i framtida skal ha eit mangfaldig og variert bygdablad som gjer dette produktet til noko meir enn eit reint kommunalt informasjonsskriv. Det trur eg alle er tent med.

Ordføraren

 

Mars 2012

Kjære sambygding

Rogfast
Samferdsleetatane sitt forslag til Nasjonal Transportplan (NTP) blei lagt fram den 29. februar. I planen, som kjem i ny utgåve kvart fjerde år, fortel regjeringa kva ho vil gjera med transportpolitikken dei neste ti åra. Arbeidet med neste utgåve av planen er starta opp og dei fleste statlege samferdsleetatar kjem med sine forslag. Til neste år legg regjeringa fram sitt forslag for Nasjonal Transportplan for perioden 2014-2023.

Rogfast

I det administrative forslaget til NTP blei Rogfast-prosjektet meir nedprioritert enn ynskjeleg. Ei årsak er at Statens vegvesen justerte opp kostnadane med to milliardar kroner. Men det er ikkje funne plass til pengane før i siste del av 10-års-perioden som NTP-en skal gjelda for. Samstundes er det ein føresetnad at løyvingane til samferdsel skal justerast opp med 45 % i forhold til i dag.

Eit anna krav er at det blir semje i forhold til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av Boknafjord-kryssinga. Her kan nemnast at fylkestinget i Rogaland den 6. mars sa ja til førehandsinnkrevjing av bompengar i Boknafjordsambandet.

Lyspunktet i forslaget er likevel at Rogfast er blitt framskunda i tid. Vegstyresmaktene reknar nå med ein oppstart i 2015 og sju års anleggstid. I tillegg vil staten auka den statlege delen frå 500 millionar til eìn milliard. Prislappen for prosjektet er nå på åtte milliardar kroner.

Signala frå det politiske miljøet i Rogaland er likevel positive. Det er ei klar oppfatting at Rogfast er eit prosjekt som kan byggast uavhengig av statlege løyvingar då ein meinar trafikkgrunnlaget og inntektene frå bompengar er så pass stort, og at prosjektet tvingar seg fram i kraft av storleik og samfunnsmessige nytte.

For Bokn kommune sin del går reguleringsplanarbeidet uansett vidare. Dette er også tilbakemeldingane frå prosjektleiinga i Statens vegvesen. Det blir gjennomført jamlege administrative møte mellom dei tre vertskommunane Bokn, Kvitsøy, Randaberg og Statens vegvesen og regionale mynde. I tillegg blei Irene Risheim Kristiansen på nyåret tilsett som plankoordinator for dei tre vertskommunane for Rogfast. Ho jobbar på Boknatun eìn dag i veka og er sentral i forhold til det planmessige arbeidet som nå blir utført i Bokn kommune.

Forslag til Nasjonal Transportplan

I samband med oppstart av reguleringsplanarbeidet for Rogfast har Fylkesmannen i Rogaland kome med tydelege innspel til massedisponeringa, og ber om at det blir laga ein samla massedisponeringsplan for utbygginga. I desse dagar blir det sett på moglege deponeringsområde for tunnelmassar frå Rogfast i området sør for Knarholmen.

Elles er det frå politisk hald i Rogaland positive tilbakemeldingar på forslaget til ny NTP, mellom anna fordi det er sett av store midlar til vedlikehald i fylket. Dette viser at det er gjort mykje godt arbeid lokalt inn mot sentrale styresmakter.
Signala frå sentrale Rogalandspolitikarar gjer også optimisme i forhold til gjennomføringa av Rogfast-prosjektet. Forslaget til NTP er eit administrativt forslag - det er nå jobben skal gjerast politisk for å få Rogfast inn i NTP med høgast mogleg prioritet. Den jobben tar me på alvor i Bokn, og eg veit at haldninga er den same hjå politikarar og næringslivet elles i fylket. Med strategisk og målretta politisk arbeid i tida framover er eg sikker på at Rogfast blir ein realitet innan den tida ein jobbar utifrå i dag.

Ordføraren

 

Februar 2012

Kjære sambygding

Fleirbrukshall
I kommunestyremøte den 14. februar blei plasseringa av fleirbrukshallen i Bokn endeleg vedtatt. Saka starta tidleg førre periode og mykje godt arbeid er alt gjort. Men for at administrasjonen skulle koma vidare, var det nå avgjerande å vedta ein plassering. Nå har kommunestyret bestemt at ein i kommuneplanen set av areal for bygging av fleirbrukshall og barnehage i området ”Tresnippen” i Føresvik. I denne samanhengen vil ein også vurdera ei omlegging av Føresvikvegen slik at trafikken ikkje kjem i konflikt med brukarane av fleirbrukshallen.

Kommunestyret har bedt administrasjonen om å setja i verk nødvendig planarbeid og konsekvensutgreiing, og det vil bli oppretta eit planutval for bygging, drift og finansiering av anlegget. For å løysa plassproblematikken i dagens skulebygg, har kommunestyret også bedt formannskapet om å oppretta ei sak om ombygging/utbygging av Bokn skule. I tillegg er det vedteke å førebu ei sak om utbygging av ei ny avdeling i Bokn barnehage for å løysa dei kortsiktige arealproblema.

Med desse vedtaka er det tatt eit viktig steg vidare for å få realisert ein fleirbrukshall i bygda. Men det er framleis mykje arbeid som skal gjerast før bygget står klart. Ein vil nå frå administrasjonen si side intensivera arbeidet og kjøre fleire planmessige løp for at ein kan få spaden i jorda så raskt som mogleg. Det er vanskeleg å seia noko nå om kor tid ein fleirbrukshall kan stå ferdig, men politisk og administrativt skal ein i tida framover jobba intensivt med denne viktige saka.

Brufast?
Statens vegvesen startar nå ei utgreiing om bygging av ei 7,5 km bru over Boknafjorden. Ei aktuell løysing kan vera ei skråstagsbru med flytande tårn forankra ned til 500 meters djupne. Årsaka er samferdsledepartementet sitt krav om at ei bruløysing blir utgreidd parallelt med tunnelalternativet.

Bakgrunnen er at fagmiljøet nå ser at det er i ferd med å bli teknisk mogleg å kryssa slike krevjande fjordar med ei bruløysing. Undersjøiske tunnelar er også svært dyre i drift, og bru kan vera eit billegare alternativ på lang sikt. Utgreiinga blir, i fylgje prosjektleiar Olav Ellevset, satt i gang nå slik at Statens vegvesen slepp å kome tilbake til dette spørsmålet når ein i 2015 startar utbygginga av Rogfast basert på ei tunnelløysing. Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa har lagt inn ein klar premiss om at skisseprosjektet ikkje skal forseinka framdrifta av Rogfast.

Eg forventar at den vendinga planlegginga nå har tatt, ikkje på nokon måte forseinkar Rogfast-prosjektet. Det har vore krevjande nok å få sentrale mynde til å opna opp for ein tunnel til 8 milliardar kroner om ein ikkje nå også skal kjempa fram aksept for eit bruprosjekt til 20 milliardar kroner. Eg oppfattar dette skisseprosjektet som eit byråkratisk pliktløp som ein bør setja strek over så snart som råd. Alt anna vil kunne stela fokus frå det viktigaste samferdsleprosjektet på Vestlandet nokon sinne.

Møte med ny fylkesordførar
Fylkeskommunal signingsferd. F.v. rådmannens stedfortredar Bjørn Nøttum, ordførar Kyrre Lindanger, fylkesordførar Janne Johnsen og fylkesvaraordførar Terje Halleland.Den nye fylkesordføraren vår, Janne Johnsen (H), har i løpet av vinteren besøkt kommunane i Rogaland, og den 2. februar var ho i Bokn saman med fylkesvaraordførar Terje Halleland (Frp). I denne samanhengen blei

det tatt opp ulike saker for Bokn kommune, ikkje minst saker som er viktige i samband med kommuneplanarbeidet. Det var då naturleg å drøfte Rogfast og bruk av tunnelmassar. Fylkesordføraren heldt fast ved at Rogfast er det viktigaste samferdsleprosjektet i Rogaland og at det framleis blir tillagt spesiell politisk merksemd i fylkeskommunen.

Det var viktig å streka under at Bokn kommune treng støtte frå Rogaland fylkeskommune i samband med planarbeidet for å få gjennomslag for utbyggingar og prosjekt som er viktige for bygda framover, slik som til dømes bustadbygging og næringsutvikling og bruk av tunnelmassar frå Rogfast.

I slike samanhengar er fylkeskommunen spesielt viktig for småkommunar som Bokn, som er avhengig av regional drahjelp for å utvikla lokalsamfunnet. Fylkeskommunen si oppgåve er å vera forvaltar, tenesteprodusent og regionalutviklar. Me veit at storbyane utfordrar fylkeskommunane på desse oppgåvene, særleg innan eigne bygrenser, men også for småkommunane som ligg rundt. Fylkeskommunen er ein viktig ombudsinstitusjon for kommunen, også i forhold til å gi råd og rettleiing. Difor er det viktig for meg som ordførar å ha ein fortløpande og tett dialog med fylkesordføraren.

Møtet i Bokn var nyttig. Fylkeskommunen fekk viktig kunnskap om pågåande planarbeid, og me fekk mange positive signaler i forhold til dei sakene me er opptekne av. Fylkesordføraren meinte i det heile at Bokn går ei spennande tid i møte i forhold til det som skal skje innan samferdslesektoren dei neste åra.

Ordføraren