Ordføraren har ordet, år 2011

Kyrre Lindanger:

Desember 2011

Kjære sambygding

Budsjett 2012
Budsjettet for 2012 blei vedteke av kommunestyret den 13. desember og var eit fellesforslag frå Arbeidarpartiet og Høgre. Budsjetta som har blitt vedtatt dei siste åra har vore strame, og dette skuldast i hovudsak at ein framleis har ei forholdsvis høg lånegjeld i Bokn, samstundes som ein står føre fleire store investeringar dei komande åra. Likevel har politikarane funne rom til fleire gode løyvingar både innan investeringar og drift. På investeringssida er det mellom anna lagt inn midlar til utbetring av kjellaretasjen ved Kyrkjebygd kulturhus, til glede for brukarane av Petra fritidsklubb. Vidare har ein prioritert å skifte ut gjerdet rundt Føresvik stadion og montering av overrislingsanlegg i dei nordre omsorgsbustadene på Boknatun.

I driftsbudsjettet er det lagt opp til ei rekkje mindre tiltak, mellom anna montering av teleslynge i auditoriet på skulen, servicetorget og allrommet. Vidare er det satt av midlar til utskifting av stolane i auditoriet ved Bokn skule og innkjøp av diverse utstyr til seksjon teknisk, mellom anna blåsemaskin, kompressor og reserve kloakkpumpe.

Kommunestyret har også prioritert ei framleis auke i opningstida ved biblioteket og har løyvd midlar som opprettheld aktiviteten ved musikkskulen. Ein har i tillegg prioritert ei 15 % auke i drifta ved fysioterapiavdelinga på Boknatun.
Kommunestyret vedtok også å auke ei av stillingane i servicetorget, i tillegg blei engasjementstillinga som koordinator for folkehelse og Kjekt på Bokn omgjort til fast stilling.

Når det gjeld avgifts- og betalingsregulativ for neste år, held me oss på eit moderat nivå. I hovudsak blir satsane auka med mellom 1-5 %. Abonnement på Bokn Bygdablad og annonsar aukar ein med ti prosent. Det blei samstundes bestemt at auken i abonnementet for Bokn Bygdablad skal nyttast til å gje ut bladet i fargar.

Energi- og klimaplan
Kommunestyret vedtok i møtet 13. desember energi- og klimaplan for Bokn kommune. Arbeidet med utarbeiding av planen blei starta opp i 2009 saman med kommunane Sveio og Etne. Kommunane søkte om, og fekk støtte av ENOVA, til å utarbeida planen.

Gjennom ein slik temaplan ynskjer kommunen å etablera eit felles energi- og miljømål for å sikra ei berekraftig utvikling, samstundes som ein lokalt får ein reiskap til å sikra heilskapsomsyn i alle saker knytt til energi- og miljø i kommunen.
Planen skal i fyrste rekkje gjelde for kommunens eiga verksemd, men ved implementering av mål og strategiar i kommuneplanen vil ein også kunne påverke andre aktørar, som private husstandar, næringsliv og industri.

I løpet av 2012 vil det bli laga ei utgreiing som viser kostnadane for gjennomføring av dei ulike tiltaka basert på ei kost/nytte-vurdering. Planen vil deretter bli tatt opp til ny handsaming i kommunestyret slik at kostnadane kan implementerast i planen.

Tradisjonsrikt julemøte
Sidan midten av 90-talet har ordførarane i Bokn og Tysvær hatt ein tradisjon der ein byter på å invitera formannskapa i kommunane til ein felles middag oppunder jul. Den 14. desember var Bokn kommune vertskap for ein hyggeleg førjulsmiddag mellom to gode naboar, og seansen blei gjennomført på allrommet på Boknatun.
Velvillig kjøkkenpersonal på sjukestova hadde laga til eit særs koseleg kveldssete i kommunens storstove, og hadde laga ein pinnakjøtmiddag på høgd med dei beste restaurantane.

Tradisjonsrikt julemøte mellom formannskapa i Bokn og Tysvær.

Eg set stor pris på denne over tjue år gamle tradisjonen der formålet fyrst og fremst er å pleia godt naboskap. Forma på desse møta er hyggeleg og uformell. Politikarkollegaer i dei to kommunane kjem saman utan noko spesielt ærend eller sakskart. Det viktige er rett og slett å bli betre kjende med kvarandre mellom anna ved å drøsa om laust og fast.

Eit slikt samvær er med på å skapa tillit på tvers av kommunegrensene. På mange område er nok våre to kommunar konkurrentar, men likevel er det slik at i dei fleste samanhengar står me saman med Tysvær i spørsmål som handlar om å posisjonera regionen, på tilrettelegging og planlegging med spesielt fokus på å skapa vekst og aktivitet til glede for fellesskapet i ein heil region.

Tysvær er på mange område den viktigaste samarbeidskommunen vår, og dei to administrasjonane har gjennom åra signert ei rekke viktige samarbeidsavtalar. Politikarane i dei to kommunane jobbar utifrå tanken om at det som er bra for Tysvær, er bra for Bokn, og omvendt. Dette kjem tydeleg til uttrykk på dei etterkvart mangfaldige interkommunale møteplassane me treffest. Samarbeidet er viktig og ofte avgjerande for kommunen vår. Difor tek eg sikte på å pleia den gode naboskapen også i dei kommande åra.

Eg vil til slutt nytta høvet til å ynskja alle leserane av Bokn Bygdablad ei fredeleg julehelg og eit godt og fargerikt nytt år.

Ordføraren

 

November 2011

Fram for eit raust Bokn

Kjære sambygding

Bokn kommune er ein liten og sårbar organisasjon der kvar medarbeidar tel. Når me i nasjonale undersøkingar stadig blir rangert mellom dei beste kommunane, er ikkje det minst eit resultat av at me i alle ledd har framifrå dugelege, entusiastiske, idealistiske, lojale og sjølvgåande medarbeidarar. Dei har difor den fleksibiliteten som trengst for å yta innbyggarane eit dagleg tenestetilbod på høgd med det beste i landet. For overtida får dei likevel sjølvsagt ei betaling i samsvar med gjeldande lønnsavtalar.

Også leiargruppa gjer ein innsats det er å ta av seg hatten for. Men i motsetnad til andre tilsette, får dei ikkje overtidsbetaling eller anna form for kompensasjon. Det gjeld uansett kor lenge arbeidet strekkjer seg ut over normalarbeidstida. Såleis kan dei vederlagslaust sitja på møte til langt på natt.

I kommunar flest er det stor gjennomtrekk av rådmenn. Kvar veke les me stillingsannonsar frå kommunar i desperat jakt etter gode rådmenn. I kontrast til dette har me neste år her i Bokn vore så heldige å ha hatt Jan Erik Nygaard som kommunens øvste administrative leiar i ein mannsalder. Faktisk er han den rådmannen med lengst fartstid i heile Rogaland. I løpet av desse åra har fleire generasjonar med boknpolitikarar fått gleda av å samarbeida med han. Og truleg kan dei alle skriva under på at han har vore ein lojal, samvitsfull og særs hardtarbeidande administrasjonssjef som alltid søkjer dei gode løysingane på ein smidig, profesjonell og diplomatisk måte.

I det heile er det ei stor utfordring å skaffa nøkkelpersonell til dei kommunale administrasjonane kring om. I dette må Bokn konkurrera med mykje større og meir sentrale kommunar. Dette er dess meir utfordrande sidan me nett nå er inne i eit omfattande generasjonsskifte av nøkkelpersonell. Når Bokn likevel er blitt attraktiv, heng det truleg mellom anna saman med at det også for kommunalt tilsette er blitt kjekt å vera her. Gradvis har inntrykket bygd seg opp at Bokn er ein velstyrt og velfungerande kommune der det rår ein inspirerande, inkluderande, raus og motiverande atmosfære og ein romsleg personalpolitikk. Skal Bokn kommune vera liv laga, er det viktig å ta vare på denne profilen.

Fleire nøkkelpersonar har slutta dei siste åra eller er på veg ut av kommunen. Dette gjeld og seksjonssjefar. Mange og viktige saker har blitt liggande. Rådmannen har i denne situasjonen delvis gått inn i den formelle rolla som seksjonssjef med ei stor auke i arbeidsoppgåver utan å krevja noka form for honorering. Bokn kommune har spart pengar utan at drifta blei forstyrra. I det heile har det vore ei vesentleg auke i arbeidsmengda for rådmannen.

Dette var utgangspunktet då formannskapet i møte den 14. juni i år diskuterte  kompensasjon til rådmannen. Resten av historia har blitt grundig referert i dagspressa. Det som skulle vera ein hyggeleg gest og klapp på skuldra til rådmannen vår for lang og tru teneste, blei ei trist sak som gjennom negativ vinkling av ei konspiratorisk presse skada omdømmet til Bokn kommune. Sjølvsagt nytta dei også høvet til å stilla spørsmålsteikn ved om små kommunar har livets rett.

Nå gjeld det å leggja denne saka bak oss. Me må sjølvsagt læra av det som har skjedd, men løfta hovudet og sjå framover og konsentrera oss om dei viktige sakene for boknarane. Me skal ikkje la oppslaga i pressa få øydeleggja den positive stemninga som har rådd i bygda i dei seinare åra. Ein skal lyfta blikket og visa boknarane som rause, inkluderande og positive. Det biletet av boknarane er det me skal visa verda!

Ordføraren

 

Oktober 2011

Kjære sambygding

Takk for tilliten
Det nye kommunestyret konstituerte seg på Boknatun tysdag 18. oktober. Då blei nytt formannskap og andre politiske utval vald, i tillegg til ordførar og varaordførar. I den samanhengen fekk eg fire nye år som ordførar.
Eg vil då takka veljarane for tilliten dei viste Arbeidarpartiet og kandidaturet mitt ved valet, og ikkje minst for den tilliten som kommunestyret viste ved samrøystes å velja meg til ordførar i Bokn.

DET NYE KOMMUNESTYRET I KONSTITUERANDE MØTE 18. OKTOBER, FRÅ VENSTRE RUNDT BORDET: Hanne Marte Vatnaland, Tormod Våga, May Jorunn Vatnaland, Trond Nedrebø, Johannes Nilssen, Sigmund Alvestad, Eiliv Staalesen, Sonja Mikkelsen, Edgar Våge, Ann Jeanette S. Olaussen, Lars Norekvål, Ronny Taraldlien, Christine B. Christiansen, Unni W. W. Høivik, Arne Hosaas, Anne L. Faye, rådmann Jan Erik Nygaard og ordførar Kyrre Lindanger.

Eg er viss på at samarbeidet i kommunestyret blir godt og positivt i komande periode. Det betyr ikkje at me skal vera einige i alle spørsmål, men at me er i stand til å samla fokus og krefter når det er naudsynt til fellesskapets beste.

Eg vil at me saman skal finne fram til dei gode løysingane. I denne prosessen skal me utløyse kreativitet, inspirera og motivera kvarandre og frigjera nye, positive krefter. Slik eg kjenner alle våre kommunalt folkevalde, er eg trygg på eit konstruktivt og ektefølt engasjement som tek vare på dei forventningane boknarane har til oss.

Ipad til folkevalde
Sytten splitter nye iPad II med kommunevåpen låg klare til dei folkevalde då kommunestyret konstituerte seg 18. oktober.
iPaden er ikkje stort større enn ei vanlig bok, men mykje tynnare. Det er ein slags mini-PC med lang levetid på batteriet. Med denne tek me farvel med den  tradisjonelle måten å presentera saksdokumenta. Ipaden har alt ein treng til å kunne lasta ned og lagra saksdokument, kart og bilete, i tillegg til å kunne laga eigne notat.

Kommunar over heile landet arbeidar for å fjerna dei store papirbunkane. Mange har innført, eller vurderar innført, dei såkalla nettbretta. Saman med Sola og Hjelmeland er Bokn blant dei fyrste kommunane som tek i bruk iPad i Rogaland. Også Stortinget har levert lesebrett i form av iPad til alle stortingsrepresentantane.

Me har nådd ei tid med omfattande elektronisk informasjonsflyt. Difor er dette eit verktøy som både politikarar og tilsette vil ha stor nytte av. Papirmengda har etter kvart blitt for stor. Dette tiltaket er miljøvennleg og eit nettbrett er enklare enn ein PC. I det heile tatt er nettbrettet eit flott og framtidsretta reiskap.

Eg håpar overgangen frå papir til Ipad skal gjera lokalpolitikk både enklare og kanskje litt kjekkare, samstundes som kommunen kan spara fleire hundre tusen kroner på reduserte kopi- og portoutgifter, i tillegg til innspara arbeidstid for dei tilsette ved servicetorget.

Statsbudsjettet
Den 6. oktober la regjeringa fram statsbudsjettet for neste år – eit budsjett som er blitt omtala som både nøkternt og stramt. Regjeringa vil neste år bruka 2,4 milliardar mindre enn det den såkalla handlingsregelen tilseier.

Regjeringa har ei ramme på statsbudsjettet på 1.006 milliardar kroner for 2012. I fylgje finansminister Sigbjørn Johnsen er budsjettet tilpassa ein økonomisk situasjon med stor internasjonal uro, og er spesielt innretta for å trygga arbeidsplassar, verdiskaping og velferd framover.

For kommunesektoren inneber likevel forslaget til statsbudsjett at kommunane får ei reell inntektsauke på fem milliardar kroner neste år. Om lag 3,75 milliardar av denne auken kjem som frie inntekter. På toppen av inntektsauken på fem milliardar, som svarar til ein reell auke i overføringane på 1,4 prosent, vil kommunesektoren få ein milliard meir i skatteinntekter i 2011, ifylgje nye overslag som regjeringa har gjort.

I Rogaland blei faktisk Bokn ein av budsjettvinnarane med ei auke i dei frie inntektene frå 2011 til 2012 på 5,5 prosent. I same periode er anslått landsgjennomsnittleg vekst på 4,7 prosent, og for Rogaland 4,9 prosent. Til samanlikning fekk Utsira og Kvitsøy høvesvis 3,4 og 3,3 prosents auke. Auken i dei frie inntektene skuldast i all hovudsak den flotte auken i folketalet det siste året. Per 1. juli var det folkeregistrert 854 innbyggarar i Bokn – ein auke på 17 personar sidan 2010.

Ordføraren

 

September 2011

Kjære sambygding

Kommune- og fylkestingsvalet 2011
Etter dei tragiske hendingane 22.juli var me spente på i kva grad veljarane ville bli mobiliserte til kommune- og fylkestingsvalet. Frammøtet var litt betre enn tidlegare,  men ikkje så bra som mange hadde håpa. Positivt er det likevel at ein negativ trend er snudd. På landsbasis var frammøtet på 63,8 %. Bokn var langt betre med 73, 2 %, ein framgang på 4 %. Av 623 røysteføre, møtte 456 på Boknatun valdagen, mens 66 hadde førehandsrøysta. Etter at alle tala var summerte, blei tre jamstore og eit lite parti representerte i kommunestyret.

Som i alle andre kommunar var det også i Bokn hektisk aktivitet og samtalar mellom ulike parti i dagane etter valet. Etterkvart falt brikkene på plass. Posisjonar blei fordelte, mange blei fornøyde, andre blei skuffa. Uansett håpar, og trur eg, at ein samlar den politiske viljen og energien etter konstitueringa i oktober og ser framover. Det nye kommunestyret er samansett av vel kvalifiserte og engasjerte politikarar innstilte på krafttak for boknafelleskapet.

Kommunale avgifter
Dei siste åra har forfallsdato på kommunale avgifter vore den 30.04 for 1.termin og  den 31.10 for 2.termin. På grunn av ei omlegging av faktureringa og problem med ein ekstern tenesteleverandør, blir det for 2011 sendt ut tre rekningar. Dette har tidlegare blitt varsla i Bokn Bygdablad.

Rekninga som blei sendt ut i august var for 1. termin 2011. Rekninga for 2.termin 2011 kjem i november. Økonomiavdelinga reknar med at dei ordinære forfallsdatoane (30.04. og 31.10.) vil bli haldne når problema med ekstern leverandør er løyste.

TV-aksjonen 2011
TV-aksjonen går i år til Norsk Folkehjelp og deira arbeid med å rydda miner og klasevåpen i ei rekke land i Afrika, Asia, Europa og Midt-Austen. I tillegg skal delar av dei innsamla midla gå til opptrening av minehundar i Norsk folkehjelp sitt eige globale treningssenter i Bosnia-Hercegovina. Norsk Folkehjelp er allereie ei av verdas største humanitære organisasjonar innan minerydding.

Kvar dag  blir uskuldige menneske drepne og lemlesta av attliggjande miner og klasebomber. Norsk folkehjelp skal bruka pengane frå TV-aksjonen i sju land med mineproblem i Asia, Afrika og Europa. I alle landa skal dei innsamla midla bli brukte til konkrete mineryddingsprosjekt.
Fjerning av miner og klasevåpen vil skapa tryggleik som opnar for gjenreising og utvikling av område som lenge har vore avstengde på grunn av trusselen frå eksplosiva.

Norsk folkehjelp har gitt TV-aksjonen 2011 slagordet ”Fra frykt til trygghet”. Det er kringkastingssjefen som formelt tildelar TV-aksjonen etter tilråding frå NRK sitt innsamlingsråd. I alt 10 organisasjonar søkte om å få tildelt TV-aksjonen for 2011. Norsk Folkehjelp har fått TV-aksjonen to gonger tidligare, i 1983 og 1994.

Bokn formannskap ynskjer å bidra og har løyvd kr. 22 per innbyggar, noko som utgjer totalt 18788 kroner til årets TV-aksjon.

Eg vil oppmoda alle boknarar om å ta godt i mot bøssebærarane den 23. oktober og bidra med pengar til ei særs viktig sak.

Ordføraren

 

August 2011

Kjære sambygding

Stem mot terroren!
Terroren som råka regjeringskvartalet og Utøya den 22. juli var ei frykteleg, uverkeleg og sjelsetjande hending som det endå er vanskeleg å setja ord på og forholda seg til. Skadeomfanget og talet på drepne gjer henne til den verste valdshandlinga på norsk jord i fredstid.
”Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn” skreiv Nordahl Grieg i 17. mai-diktet sitt i 1940. Noreg er eit lite land der innbyggarane står kvarandre nær. Kvar fjerde innbyggar kjenner nokon som blei ramma av terroren i sommar. Difor sto det norske folket unisont opp mot terroren og tok landet tilbake etter åtaket. Heile nasjonen viste omsorg og medkjensle med dei som blei ramma gjennom folkeleg deltaking i ulike arrangement, minnemarkeringar og nedlegging av blomar i det offentlege rom. Medkjensla kom også sterkt til uttrykk gjennom kondolanseprotokollen som låg framme i servicetorget på Boknatun.

Oslo domkirke 26. juli.

Ut av det vonde har det grodd fram noko godt. Fellesskapet og samhaldet i landet blei styrka over natta. Ingen ropa på hemn. ”Vårt svar er meir demokrati” sa statsminister Jens Stoltenberg i Oslo Domkirke. Det norske folket møtte hatet med kjærleik og menneskeleg varme. Me har stadfesta for kvarandre at me høyrar saman, og me har stadfesta viktige sider med det som me oppfattar som vår nasjonale identitet. Idèen om at mennesket er ei øy som klarar seg åleine, mista fotfeste dagane etter den 22. juli. Då fellesskapet blei truga av ein ytre fiende, søkte me saman og stadfesta at me høyrer saman som menneske.

All form for fundamentalisme er farleg, same om han spring ut frå høgre- eller venstresida. Det er nå viktig å henta inn kunnskap om høgreradikale miljø.
Terroren ramma landet vårt som ein knyttneve, ikkje frå aust, men frå ”mørkeste hjerte midt i blant oss”. Slike som massemordaren på Utøya kan vera intelligente på bestemte område og målbevisste i planlegginga.

Og skremmande nok, tankegodset hans når fram til små grupper. Dette veit ein gjennom meiningsytringar frå ytterleggåande politikarar, grupperingar og bloggarar som har sympatiar med massemordaren sit forskrudde syn på samfunnet. Det er særs viktig at denne type ytringar blir møtt med argumentasjon– ikkje teia i hel. For å kunne forstå handlinga, må ein forstå den ideologiske samanhengen. Samfunnet må ta eit oppgjer med denne ideologien, på same måte som me har gjort med islamistisk ekstremisme.

Den regjeringsnedsette 22. juli-kommisjonen har eit svært omfattande, tungt og viktig arbeid framføre seg, og det er store forventningar til den endelege rapporten. Det er nå viktig å snu kvar stein i denne saka og bruke det som trengst av ressursar for å finne flest mogleg svar og få mest mogleg lærdom.

Deltakinga ved kommune- og fylkestingsvala har tradisjonelt vore låg. Berre 59 prosent brukte stemmeretten ved kommunevalet i 2003. Den beste måten å svara på terroren som råka Noreg den 22. juli er å bruke stemmeretten ved årets val. På den måten styrkar me demokratiet og hegnar om verdiane våre. Gjennom demokratiet endrar og utviklar me samfunnet vårt og ikkje gjennom frykt og vald.

Godt val!

Ordføraren

 

Juni 2011

Kjære sambygding

Drosje i Bokn
Det er fleire år sidan sist det var stasjonert fast drosje i Bokn. Det er difor hyggeleg å kunne melde at det frå seinsommaren igjen blir eit eige drosjetilbod i kommunen. Helga Marie Dagsland, som i dag driv drosje i Skjoldastraumen, har etter søknad fått tildelt eit løyve frå Rogaland fylkeskommune.

Bokn er på fleire måtar eit samferdslemessig knutepunkt med anløp av både snøggbåtar, ferjer og buss og behovet for drosjetransport til og frå anløpsstadene er tilstades. Også boknarar og lokale verksemder har sakna eit slikt tilbod etter at den siste stasjonerte Bokn-drosjen la opp i 2003. Særleg har dette vore ei utfordring for eldre utan bil eller førarkort. Fleire bevegelseshemma og andre funksjonshemma har såkalla TT-transportkort der ein får rabatt med drosje, men som ikkje har fått brukt desse korta på skikkeleg måte på grunn av mangel av drosjetilbod i kommunen.

Eg håpar Dagsland lukkast med denne satsinga og at boknarane støttar opp om tilbodet og blir flinke til å bruke drosjen. På sikt håpar eg også at Bokn-drosjen får etablert avtalar om fast kjøring for ulike føretak og verksemder i nærområda slik at eigarane får eit best mogleg grunnlag for drift i bygda.

Namn på ny gassferje
Fjord1 inngjekk i vår kontrakt med Fiskerstrand BLRT AS om prosjektering og bygging av verdas største gassferje som skal setjast inn i sambandet Arsvågen-Mortavika i november 2011. Med den trafikkauken me opplever på Boknafjordsambandet er eg glad for at regulariteten blir tatt i vare med ei tredje ferje.

Som ordførar i vertskommunen for dei nordre anløpa, Arsvågen, har eg eit ynskje om at namnet på den nye ferja kan ha ei tilknytting til det geografiske området ferja skal operera i. Difor har eg sendt brev til leiinga i rederiet der eg føreslår at ferja får eit namn som har Bokn i seg, dømesvis ”Bokn” eller ”Boknafjorden”. Dette blei også gjort i 1996 av dåverande ordførar, Svein Ove Alvestad, i samband med bygging av dei nåverande ferjene som seinare fekk namna ”Stavangerfjord” og ”Mastrafjord”.
Fjord1 har tradisjon for å bruke ”fjord” i skipsnamna, difor er det kanskje mest nærliggande å tru at ”Boknafjorden” kan vera eit aktuelt namn. I så fall må dette namnet bli frigjort då namnet er i bruk på eit anna farty i dag.
Eg håpar Fjord1 vurderar dette innspelet og at den nye gassferja kan få eit namn som er knytt til lokalområdet vårt, og med det syt for at eit eldgammalt stadnamn blir endå meir synleg.

Lærlingar i Bokn
Bokn kommune hadde tidlegare lærlingeplassar knytt til skule/barnehage og i seksjon helse. På grunn av vanskar med rekruttering samt innsparingar i seksjonane, blei desse læreplassane inndratt i 2006. Den seinare tida har det imidlertid meldt seg eit behov for
lærlingeplassar. Rekrutteringa til mellom anna barne- og ungdomsarbeidarfaget og omsorgsarbeidarfaget/helsearbeidarfaget er blitt større og fleire boknaungdommar satsar på ei slik utdanning.
Difor opprettar Bokn kommune frå og med i haust to læreplassar i kommunen. Bakgrunnen for opprettinga er vanskar med å få læreplassar i andre kommunar, og den enkelte kommune ser ut til å prioritera inntak av eigne ungdommar.

Eg trur det er viktig å legga til rette for våre eigne ungdommar då me veit at kommunen vil ha stor bruk for slike fagpersonar i framtida. Ved å tilby lærlingeplassar i heimkommunen vil ein motivera ungdommane til å satse på å heve  kompetansen sin, samstundes som ein også ynskjer å behalda ungdommen i kommunen.
Læreplassane vil bli lagt inn i ordinære budsjett for åra som kjem.

Kommunal minibuss
FØRSTE TUR 17. JUNI: Egil Ognøy har frakta Arne Våge til sjukestova.

Formannskapet gjorde hausten 2010 vedtak om å kjøpe inn ein minibuss til bruk i den kommunale verksemda, for frivillege lag og organisasjonar og privatpersonar. I veke 24 blei bussen levert Bokn kommune.

Minibussen er av merket Mercedes Sprinter og har 17 sitjeplassar inkludert sjåfør og har montert rullestolheis. Minibussen er stasjonert ved Boknatun. Dei fyrste bestillingane på lån av bussen kom leveringsdagen frå mellom anna skulen og dagsenteret.

Kommunal minibuss.

Administrasjonen ferdigstillar utlånsreglement og vilkår for bruk av minibussen i desse dagar og vil bli publisert på www.bokn.no.

Eg vil spesielt oppmoda lag og organisasjonar i Bokn til å nyttiggjera seg av dette tilbodet og bruke minibussen til turar og utflukter og andre aktivitetar som utløyser transportbehov. Det er hyggeleg, sosialt og miljøvennleg å gjennomføra transportetappar i lag og under same tak. Og det ligg ein aldri så liten folkehelsegevinst i det å sitja saman, trygt og komfortabelt, på veg ut i verda. God tur!
Eg vil ynskja alle lesarane av Bokn Bygdablad ein god og solrik sommar.

Ordføraren 

 

Mai 2011

Kjære sambygding

Kommuneøkonomi
I kommuneproposisjonen for 2012 varslar regjeringa det økonomiske opplegget for kommunane til neste år. I kommuneproposisjonen som blei lagt fram 13. mai, gjekk det fram at kommunane får mellom fem og seks milliardar kroner i samla inntektsauke neste år. Mellom 3,75 og 4,25 milli-ardar kroner av inntektsauken er frie inntekter.

I revidert nasjonalbudsjett får kommunane om lag 1,3 milliardar meir i skatteinntekter enn det regjeringa la til grunn då statsbudsjettet blei lagt fram. Det er usikkert kva dette vil utgjera for Bokn kommune då Bokn har hatt ein skattevekst under landsgjennomsnittet dei to siste åra.

Auken i skatteinntektene må ein sjå i samanheng med lønnsoppgjeret som ser ut til å gje ein del meirutgifter for Bokn kommune på årsbasis. I tillegg vil endringar i kommunen sine pliktige pensjonavsettingar auke ein del per år. Også dei varsla renteaukene vil innebere ein vekst i utgiftene for Bokn kommune.

I forhold til samhandlingsreforma er det berekna at Bokn kommune sin part av midla til denne reforma vil utgjera 882.000 kroner, i tillegg til 200.000 kroner til utgiftsutjamning. Midla utgjer kommunen si medfinansiering av spesialisthelsetenesta og utskrivingsklare pasientar neste år. I samband med reforma får kommunane nye oppgåver og eit økonomisk ansvar for pasientar som er klar for utskriving frå sjukehusa.

Totalt sett ligg Bokn kommune an til å få ein tilsvarande økonomisk situasjon som i 2010. Men framleis veit ingen sikkert kva kostnad som fylgjer med dei nye oppgåvene i samband med Samhandlingsreforma. Ho trer i kraft frå 2012.

Fattigdom i Bokn
I fylgje presseoppslag tidlegare i månaden har Bokn i prosent flest fattige i regionen i forhold til inn-byggartalet i kommunen. Konklusjonen blei henta ut av regjeringa sin nyleg offentleggjorde oversikt over talet på fattige i Noregs kommunar.

Oversikten har overraska fleire enn meg, spesielt når me veit at Bokn har svært låge sosiale utgifter og få personar utan arbeid, men det er grunn til å ta dette på alvor.

Fattigdom i Noreg handlar meir om sosial utestenging enn om svolt. Men me må ha eit arbeidsliv som gir plass til alle som vil og kan delta. I tillegg har skulen og heile samfunnslivet eit ansvar for å fanga opp fråfall frå skule og finne gode vegar inn i eit godt
arbeidsfellesskap. Det er sløsing med ressursar dersom unge, arbeidsføre menneske ikkje kjem inn i arbeidslivet.

I saman med NAV og helsesjefen prøver me å få ein oversikt over kva som ligg bak  tala. Det er nok samansette grunnar til at me har 40 personar under fattigdomsgrensa i Bokn, men biletet kan nok nyanserast ein del. Me veit til dømes at fleire husstandar i kommunen har ei inntekt, der typisk den eine er i arbeid mens ektefellen  ikkje er i jobb eller jobbar i ei deltidsstilling, og dermed tener mindre enn det som er definert som fattigdomsgrensa. Likevel kan husstanden samla ha ei god inntekt.

Men viss det bak tala skjular seg reell fattigdom, vil me bruke analysen som grunnlag for å setja i verk tiltak som kan avhjelpe på situasjonen.

Kommunebarometeret
Kommunal Rapport har igjen samanlikna tenesteproduksjonen i kommunal sektor og rangert alle kommunane i Noreg. Resultatet ligg føre i Kommunebarometeret, som er ei samanlikning av landets 430 kommunar, basert på til saman 60 sentrale nøkkeltall. Hensikta er å gje dei styrande ein lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunen driv tenesteproduksjonen. Tala er mellom anna henta frå Statistisk sentralbyrå sin Kostra-database, foreløpige tal for 2010, og Grunn-skulens informasjonssystem.

Bokn kom svært godt ut i Kommunebarometeret, og enda på ein sterk 11. plass av 430 kommunar, med det beste kommune i Rogaland. Bokn scorar spesielt høgt på områda pleie- og omsorg, kultur og innan sosial-tenesta. Her ligg Bokn inne blant
landets 10 beste kommunar. Bokn får også høgast mogleg karakter på om-råda grunnskule, barnehage og økonomi.

Dette er sjølvsagt både gledeleg og motiverande. Bokn kommune har flinke, lojale og fleksible med-arbeidarar som gjennom sitt daglege virke syt for at Bokn kommune leverar blant landets beste kommunale tenestar. Det er framleis slik at ein kan bli betre på fleire område, men Kommunebarometeret fortel oss likevel at kommunen har rett retning. Plasseringa er ein stor inspirasjon, både for tilsette i administrasjonen og oss politikarar, og vil vera ein viktig motivasjonsfaktor for at kommunen også framover skal levera dei beste tenestene til boknarane.

Miljøstasjonen i Føresvik
Som ein fylgje av endra innsamlingsordning og omfattande misbruk blei miljøstasjonane i Sandeid, Tysværvåg, Aksdal og i Skjoldastraumen fjerna i vår. I tillegg er miljøstasjonane i Etne og Vindafjord fjerna.

Miljøstasjonen i Føresvik har i lengre tid vore utsett for eit omfattande misbruk.

Miljøstasjonane var opphavleg tenkt som returpunkt for papiravfall og glas- og metallemballasje og som ordning for enkelte hytteabonnentar og mindre mengder restavfall frå privatpersonar. I lengre tid har desse miljøstasjonane vore utsette for eit omfattande misbruk. Miljøstasjonen i Føresvik har stort sett framstått som ryddig, men tidvis kan ein sjå at det er for mykje avfall som hamnar utføre containerane. I tillegg blir det plassert avfall som ikkje er meint for denne miljøstasjonen på utsida av containerane, til dømes vaskemaskinar, bildekk, bilbatteri osb.

Eg vil minna om at ei slik framferd er brot på mottaksreglementet og vil kunne innebere at HIM avviklar også denne miljøstasjonen. Brukarane av miljøstasjonen må retta seg etter dei reglane som gjeld, og rydda etter seg og ikkje setja frå seg avfall som er i strid med reglementet.

Eg trur svært mange set pris på å ha ein slik miljøstasjon i bygda. Difor vil eg oppmoda alle brukarane om å ta eit ansvar for at ein i Bokn også i framtida skal kunne ha ein miljøstasjon.

Ordføraren

 

April 2011

Kjære sambygding

E39 Rogfast og nytt kryss på Austre Bokn
Bokn kommune godkjente som kjent kommunedelplan for Rogfast i februar 2010. I vedtaket la kommunen til grunn at kommunedelplanen for Rogfast, i tillegg til nye kryss på Are og i Knarholmen, også omfattar nytt kryss på Austre Bokn. Statens vegvesen stilte den gangen spørsmål ved om korvidt det siste punktet var gyldig då dette vilkåret blei innarbeida etter at forhandlingane var avslutta.

Det blir bygd nytt kryss på Austre Bokn.

Spørsmålet om nytt kryss på Austre Bokn har i etterkant vore drøfta med Statens vegvesen ved fleire høve. Bokn kommune har vore tydelege på at ein er oppteken av trafikksikring og miljø på E39, ikkje berre for boknarane men for alle andre som ferdast gjennom kommunen.

Statens vegvesen har i løpet av 2010 utarbeida ei vurdering av E39 Arsvågen-Mjåsund med ei totalvurdering av behov for tiltak på denne strekninga med basis i trafikkmengd, ulukkesanalysar, støyanalysar og ROS-analyse. Strekningsanalysen visar eit stort behov for tiltak allereie med dagens trafikkmengd og vegstandard. Dette er også vurdert i Statens vegvesens stamnettutgreiing for riksvegnettet som blei offentleggjort i april 2011. Her kjem det fram at at det er eit stort behov for kryssutbetringar og gang- og sykkelvegtiltak.

På bakgrunn av dette er det difor gledeleg å kunne melda at Statens vegvesen gjennom nemnde drøftingar har kome Bokn kommune i møte og aksepterar dei vilkåra som Bokn kommune har satt i sitt kommunestyrevedtak. Dette inneber at det blir bygd nytt kryss på Austre Bokn. I samband med varsel om oppstart av reguleringsplan for E39 Rogfast i Bokn kommune, vil ein dermed også varsla oppstart av reguleringsplan av kryss på Austre Bokn. Ein reknar med at dette vil skje i løpet av sommaren 2011. Kostnadane med eit nytt, planfritt kryss på Austre Bokn kjem på om lag 22 millionar kroner og vil primært bli finansiert ved bruk av ordinære midler over statsbudsjettet, alternativt som del av Rogfast-prosjektet.

MC-kriminalitet
Formannskapet gjorde i møte 12. april vedtak der Bokn kommune gir uttrykk for at ein tek problemet med organisert kriminalitet og dei såkalla ”1 %-klubbane” alvorleg og med lovlege midler søker å hindra at slike MC-klubbar får etablera seg i kommunen. Dette er i tråd med vedtak som er gjort i dei fleste andre kommunane på Haugalandet den siste tida.

Bakgrunnen for vedtaket er mellom anna ein dialog som har pågått det siste året med Haugaland og Sunnhordland politidistrikt og kommunane i regionen, der politiet viser til mistanke om at personar i lokalmiljøet har konkrete planar om å etablera lokal avdeling av ein kriminell 1% MC-klubb.

Medlemmene i 1%-klubbane definerar seg seg som den eine prosenten av befolkninga som har meldt seg ut av samfunnet og fylgjer ikkje dei lovane og reglane som gjeld. Klubbmedlemmene skal fyrst og fremst visa total lojalitet til normer og reglar i den enkelte klubb. KS har den siste tida advart kommunane mot å overlata kampen mot klubbane til politiet åleine.

Organisert kriminalitet er i dag ein betydeleg trussel mot samfunnet. Fleire norske kommunar arbeidar aktivt for å hindra at slike miljø blir etablerte. Haugesund kommune har mellom anna gjort vedtak om at 1% MC-klubbar ikkje er ynskja i kommunen, og Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har engasjert seg sterkt i å hindra etablering i distriktet. Med den korte vegen det er til Haugesund, og etterkvart Stavanger, meiner eg at det er viktig at også Bokn kommune arbeidar aktivt for å hindra at kriminelle miljø får etablera seg i kommunen.

Ordføraren

 

Mars 2011

Kjære sambygding

Rekruttering til lokale lister
I Noreg har dei lokale vallistene fram til no vore eit fast innslag i lokal-politikken. Sist kommuneval minka det likevel på kor mange slike lister som stilte til val. Fristen for innlevering av listeforslag til haustens kommune- og fylkestingsval er 31. mars. Det er gildt å sjå at lokalpartia i Bokn har jobba godt med nominasjonen og at alle dei fire partia som er representerte i   kommunestyret har levert lister.

Dei politiske partia utgjer grunnsteinane i det representative demo-kratiet både nasjonalt og lokalt og er sentrale arenaer for politisk deltaking. Vegen inn i politikken, lokalt, regionalt og  nasjonalt, går for det meste gjennom dei politiske partia. Kommunepartia er ein av grunnpilarane i demo-kratiet. Aktive kommuneparti er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati, også i kommunen vår.

Over heile landet har ein dei siste åra slite med å rekruttera listekandidatar og medlemer og dei aktive vert stadig færre. I Bokn har partia jobba fram listeforslag som er godt balanserte både når det gjeld alder, kjønn, profesjon og sosial bakgrunn. I tillegg er dei fleste delane av Bokn dekka opp med kandidatar. Den sosiale bakgrunnen til dei folkevalde er viktig fordi det seier noko om korleis det representative  demokratiet fungerar. Dersom det er ønskjeleg å sikra at erfaringane frå ulike grupper vert lagt vekt på i den        politiske debatten, vil det bli vesentleg å få folk frå desse gruppene inn i folkevalde organ.

Utfordringa i Bokn og andre kommunar, er å få  innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn med på listene og i det heile å få dei til å bruka røyste-retten. Dei same undersøkingane viser også at i dei kommunane der ikkje-vestlege innvandrarar er med i     kommunestyra eller står på vallistene, er valdeltakinga for denne veljar-kategorien høgare enn i andre kommunar. Partia har dei komande åra ei utfordring med å få også desse     gruppene representerte i lokalpolitikken. Mykje tydar på at fleire innvandrarar på listene stimulerar til  høgare valdeltaking.

Det flotte med å bu i ein liten kommune, er at kvar einskild i større grad enn i større kommunar har høve til å påverka lokalmiljøet sitt. Kvar einskild tel med på ein annan måte enn der ein forsvinn i massane. Ved å ta aktivt del i bygdepolitikken, kan du gje deg og dine eit betre nærsamfunn. Dette er ein rett og ein spesiell mulighet i den vesle kommunen vår – bruk han!

Strandsoneforvaltning
Det har vore eit generelt byggeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen heilt sidan 1965. I ny plan- og bygningslov som trådte i kraft 1. juli 2009, blei forbodet og reglane om dispensasjon strama inn. I samband med lovarbeidet forutsatte Regjeringa og Stortinget at det skulle utarbeidast retningslinjer om differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen.

Regjeringa vedtok fredag 25. mars statlege planretningslinjer for strandsona langs sjøen. Hensikten er å sikra at lokal praksis blir i samsvar med nasjonale mål for strandsona. I denne samanhengen ble Regjeringa sin konklusjon når det gjeld ny lov for 100-meters beltet, ei oppmjuking i forhold til forslaget for mellom anna Bokn kommune og ni andre kommunar i fylket.

Det nye er at landet blir delt inn i tre ulike kategoriar, der kategori eìn er den strengaste, mens kategori tre omfattar område med mindre press på areala, og der ein lettare kan gje unntak frå byggeforbodet og det vil bli gitt større rom for å vurdera utbygging gjennom kommunale planar.

Det var gledeleg, og viktig, at Bokn kommune blei plassert i kategori tre, som ein av to kommunar på Hauga-landet. Det er stor forskjell på tilhøva rundt Oslofjorden og i kyststroka i Rogaland, men med dei nye retnings-linjene blir kommunane gitt større fridom og meir sjølvstyre i utviklinga av strandsona, og dermed sikrar ein mulighetene for utvikling i distrikta. Framleis er det slik at byggeforbodet i 100-metersonen skal gjelda over heile landet, men det skal altså praktiserast med større lokal tilpasning enn i dag.

Det gjenstår å sjå kva dette i praksis inneber for kommunen vår, men eg vil tru me har eit godt utgangspunkt i forhold til nabokommunane våre og eg håpar at dei nye retningslinjene blir eit føremonn for Bokn i arealplanlegginga framover.

Ordføraren

 

Februar 2011

Kjære sambygding

Trafikksikringsmidler
Den 27.januar fordelte Fylkestrafikksikkerhetsutvalget i Rogaland (FTU) TS-midler (Aksjon skuleveg). Årets løyving omfattar 14.4 millionar kroner til fylkesvegar og 5 millionar kroner til kommunale vegar. Som i fjor har Rogaland fylkeskommune tildelt midler til trafikksikringsarbeid. For fylkesvegane betyr det nå at fylket dekkar heile beløpet. For dei kommunale vegane blir 60% løyvd som tilskott medan kommunen sjølv må dekkja 40%.

Flyfoto

For 2011 fekk Bokn kommune løyvd til saman 150.000 kroner delt på tre trafikksikringstiltak i trafikksikringsplanen vår. Det gjeld mellom anna fleire veglys langs Føresvikvegen og langs gang- og sykkelveg frå Alvestadkroken og til busshytte ved E39 og fortau langs delar av Boknatunvegen. Den kom-munale eigendelen blir på 52 000 kroner. Tiltaka skal startast opp og gjennomførast i løpet av 2011.

Formannskapet i Bokn er trafikksikringsutval og den reviderte Trafikksikringsplanen for 2011-2014 er det viktigaste styringsverktøyet. Planen gir oss mål for arbeid og blinkar ut dei prioriterte områda og tiltaka. Alle tiltak som var planlagde på fylkesvegar og kommunale vegar i den førre planen, blei elles gjennomførte.

TS-midlene kjem godt med i strevet med å forbetra lokalvegnettet og sikra skulevegane i bygda. Framleis har me vegstrekk på skulevegane i dei sen-trale stroka av Bokn som manglar veglys og fortau. Men med gjennom-føringa av desse tiltaka kjem me eit godt stykke vidare med å trygga vegane for dei mjuke trafikantane. Slik lever me til trafikksikringutvalets i Bokn sitt eige motto: ” Det skal ikkje vera hardt å vera mjuk”.

Lokomotiv i tunellen!
Dei siste vekene har debatten rasa i regionen om kvar Haugalandet skal venda seg når Rogfast er på plass. Somme meinar dette er ein unyttig debatt mens andre hevdar at regionen vil vera tent med å vita kva han vil i god tid før dei fyrste bilane smett opp av holet under Boknafjorden. Standpunkta er sjølvsagt farga av kvar ein bur i regionen og kva retning ein har vore vand med å orientera seg i.

Fram til Bokn fekk fastlandssamband i 1991 var Stavanger ”Byen” for boknarane.  Boknarane heia på Viking, mange las Aftenbladet, tok utdanning og fann seg ektefelle i sør. Med bruene endra situasjonen seg. Raskt blei Haugesund byen for boknarane, men banda til Stavanger er framleis sterke.

Framleis søker boknarane og Bokn kommune mot Stavanger og Nord-Jæren i eit mangfald av samanhengar. Ikkje minst skapar dei mange fylkesinstitusjonar tette band mellom heile Haugalandet og resten av fylket. I Stavangerområdet finn me også kompetanse og kapital og eit dynamisk næringsliv heilt i tetsjiktet i nasjonal samanheng. I byområdet på Nord-Jæren bur det snart ein kvart million menneske, nokre fleire enn i Sunnhordland. Dei byggbare områda på Nord-Jæren er avgrensa i utstrekning og regionen er i ferd med å sleppa opp for ledige bu- og næringsareal. Dette vil i aukande grad tvinga siddisane til å retta blikket nordover, ikkje minst mot Bokn og Gismarvik-området.

For meg kjennest det kunstig og framandt å forholda seg til Stord og Jondal. Nord-Jæren er den raskast veksande storbyregionen i landet. Held utviklinga fram, vil han om ikkje lenge passera Bergen. Sjølv med eit ferjefritt Vestland i framtida, vil Bergen difor vanskeleg bli det som Stavanger er for oss i dag.

Stavangerregionen er ein motor i forhold til utvikling og aktivitet i landsdelen. Ved at me som region knyter oss til dette nasjonale lokomotivet, vil me oppleva gode synergiar med auka verdiskaping også hjå oss. Eit tett samarbeid med Nord-Jæren vil vera eit viktig supplement for mange av Haugalandets samfunnsinstitusjonar. Eit  samarbeid mellom Høgskulen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger vil til dømes kunne dra kompetanse hit på område der me manglar ein slik. Der det er naturleg bør ein også kunne samarbeida med Sunnhordland – slik som i dag.

Mykje av samfunnsutviklinga vil likevel gå i eigne retningar, styrt av marknadskrefter på tvers av kommune- og regionsgrenser. Men så lenge me er ein del av Rogaland fylke er det naturleg å samhandla med fylkeshovudstaden. Slik som Sunnhordland truleg kjem til å samhandla endå meir med Bergen når Hordfast er etablert. Mekanismane er slik at Stord alltid vil vera på vakt mot ”Haugesundsk imperialisme”, slik Haugesund er på vakt mot storebror Stavanger. Til tross for gode samarbeidsavtalar og intensjonar er det slik at kommunane er seg sjølv nærast når dei politiske slaga blir utkjempa.

Ordføraren