Skulebygging og klasseinndeling

Situasjonsplan frå LINK ARKITEKTUR linkarkitektur.com Informasjon til innbyggjarane frå ordførar Osmund Våga.

Skulebygginga

Det har vore spørsmål til kommunen om korleis det går med skulebygginga. Dette har blitt noko utsett i forhold til tidlegare plan.

Situasjonsplan frå LINK ARKITEKTUR linkarkitektur.com Foreløpig plan for arbeidet er som følger:

  • Bygging av energisentral (erstattar oljefyrt oppvarming) hausten 2020
  • Innflytting i midlertidig skulebygg i løpet av desember 2020
  • Rivearbeid startar januar 2021
  • Byggestart skulebygg april 2021
  • Ferdig skulebygg juli 2022
  • Innflytting i haustferien 2022

Så då får vi håpe at alt går etter planen, og vi gler oss til å ta i bruk ein ny og fin skule hausten 2022.

Klasseinndeling

Det har også vore ein del uro rundt samanslåing av klassar. Bokn skule er ein fådelt skule, og då vil nokre klassar vere samanslådde. Det gjeld bl.a. 1., 2. og 3. klasse frå hausten 2020.

Me har fått reaksjonar på at 1. klasse er samanslått med andre. Mange meiner at det er uheldig sidan dei er nye på skulen. Desse tilbakemeldingane er blitt tatt hensyn til av skuleadministrasjonen og det er blitt beslutta å ha ein eigen kontaktlærar for 1. klasse.

Utsnitt av brev til foreldra nedanfor:

 «Ut frå ei vurdering har skuleadministrasjonen no valt å setje inn noko meir ressursar for å ivareta 1. klasse ytterligare kommande skuleår. Det er beslutta at skulen vil setje inn ein eigen kontaktlærar for 1. klasse. Me håpar det kan vere med på å skape ein endå betre skulestart for 1. klasse-elevane etter som dei då har ein eigen lærar som er ansvarleg for i ivareta denne elevgruppa, og ha hovudansvaret for skule-heim samarbeidet det fyrste skuleåret.»

Me skulle ønske at alle klassane var store nok til å vere for seg sjølve, men så lenge me har beslutta å vere ein fådelt skule, vil nokre klassar vere samanslådde.

1. klasse vil vere for seg sjølve i norsk, matematikk og engelsk for å sikre begynneropplæringa, dette utgjer om lag 2/3 av timetalet deira.

Me politikerar har tillit til at skuleadministrasjonen tar hand om dette på ein god måte, og så får me følge med frå skulestart korleis det går. Då set me pris på å få tilbakemelding frå foreldra om korleis dei opplever det.

God sommar!

Helsing frå
Osmund Våga