Valet 2023 - manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn

Mantallet for Bokn kommune blir lagt ut til offentleg ettersyn i Servicetorget 11. juli 2023.

Val-logo, Valdirektoratet Ukjent

Manntalet er ei oversikt over kven som har stemmerett i ein kommune. Er du busett i Noreg blir du automatisk ført inn i manntalet i kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett i den 30. juni 2023.

Du kan førehandsrøyste i kva kommune som helst, men skal du røyste på valdagen må du gjera det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Manntalet for Bokn blir lagt ut til offentleg ettersyn i Bokn servicetorg, Boknatun, frå 11. juli 2023.

Vil du sjekke om du er rett manntalsført kan du ta kontakt med Bokn kommune på tlf. 52 75 25 00.   Alle kommunar i Noreg er pålagde å gjera manntalet offentleg tilgjengeleg slik at du kan kontrollera eigne opplysningar og senda inn klage dersom det er feil i manntalet.

Dersom du vil klage på feil i manntalet må du sende denne skriftleg med grunngjeving til Valstyret i Bokn, Boknatunvegen 37,  5561  BOKN.