Kommunestyret og fylkestingsval 2023 - Kvar skal du røyste valdagen?

For å kunne røyste valdagen i Bokn må du ha røysterett og stå i manntalet for Bokn kommune.

Bilete: Val-logo Ukjent

Manntalet er ei oversikt over kven som har røysterett i ein kommune.  Er du busett i Bokn pr. 30.06.2023 blir du automatisk ført inn i manntalet for Bokn kommune.

Du kan førehandsstemme i kva kommune som helst, men skal du stemme på valdagen må du gjera det i eit vallokale i kommunen du er manntallsført i.

Flytter du til ein annan kommune må du melde flytting til folkeregisteret innan 30. juni for å bli ført inn i manntalet i den nye kommunen. Flyttar du til ein annan kommune etter denne datoen står du i manntalet i kommunen du flyttar frå.