Kommunestyret - fylkestingsval 2023; tidlegrøysting

Tidlegrøystegjevingsperioden startar 1. juli 2023, dvs. fyrste dag er måndag 3. juli 2023 i Servicetorget.

Bildet viser valavlukke i Servicetorget. - Klikk for stort bileteValavlukke i Servicetorget klart for tidlegrøystegjeving. Jardar Havikbotn

Tidlegrøystegjevingsperioden startar 1. juli 2023, men sidan datoen fell på ein lørdag startar ein fyrst på måndag 3. juli med tidlegrøystegjeving. 

Ordninga med tidlegrøystegjeving er ein del av førehandsrøystegjevinga, men er meint som ei ordning for dei som ikkje har anledning til å røyste innafor førehandsrøysteperioden eller på valdagen.  Dette kan vere grunna studieopphald i utlandet, utanriksfart etc.

I Bokn kommune er det anledning til å tidlegrøyste kvar måndag frå 3. juli 2023 fram til den ordinære førehandsrøysteperioden startar 10. august 2023.

Dersom du ønskjer å tidlegrøyste, må du ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 for å avtale tid.