Kommunestyre- og fylkestingsval 2023 - digitalt valkort

Fram til førehandsrøystinga startar den 10. august sender Valdirektoratet ut valkort til alle med røysterett. Dei aller fleste kjem til å få valkortet i sin digitale postkasse.

Bilde av Val-logo Ukjent

Det digitale valkortet er ikkje ein forutsetning for å røyste, men kan gjere sjølve røystegjevinga enklare og raskare.

Innbyggarar som har vald ein digital postkasse fra Digipost eller e-Boks vil få sendt valkortet digitalt og vil kunne ha valkortet lett tilgjengeleg på mobilen på valdagen eller ved førehandsrøystegjevinga.

Dei som ikkje har ein digital postkasse får tilgang til valkortet på Altinn.

Dei som har reservert seg mot elektronisk post, får valkortet tilsendt på papir.

Du kan lese meir om valkort på valg.no