Kommunestyret og fylkestingsvalet 2023

I Bokn kommune er opningstida valdagen 11. september 2023 frå kl. 09:00 til kl. 20:00.  Vallokalet er Bokn Arena - idrettshallen.

Kven kan røyste?

For å røyste må du ha røysterett og vere busett i ein kommune.

Kven har røysterett?

  • Norske statsborgerar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore folkeregistrert busett i Noreg,
  • Statsborgarar i Danmark, Finland, Island eller Sverige som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, og er registert i folkeregisteret som busett i Noreg seinast 30. juni 2023. 
  • Personar som ikkje er norske statsborgerar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrert som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

For å utøve røysteretten, må velgjaren vere ført inn i manntalet i ein kommune på valdagen

Kva er manntalet?

Manntalet er ei oversikt over dei som har røysterett.  Det er i den kommunen du er registrert i folkeregisteret 30. juni, du har røysterett.  Eit par veker seinare skal kommunen leggje manntalet ut til offentleg ettersyn i servicetorget, slik at innbyggjerane har moglegheit til og få retta feil.

Dersom du har flytta til ein annan kommune og melding om flytting som ikkje er motteke hos folkeregisteret innan 30. juni 2023, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Norske statsborgarar busett i utlandet, som ikkje har vore registrerte i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra før valdagen, må søkje om å bli innført i manntalet for å kunne røyste ved valet.

Dersom ein skal avgje røyst ved brevpost (brevrøystegjeving utanriks) vil i dei fleste tilfelle søknad om å bli innført i manntalet skje ved at velgjaren fyller ut og skriv under på omslagkonvolutten som brukast ved utenriks røystegjeving. Søknaden kan likevel fremjast i eit eige brev, merk deg då krava til brevrøystar som framgår av valforskrifta § 28. Søknad om manntalsføring skal innehalde ei erklæring om at velgjaren fortsatt er norsk statsborgar.  Søkjarens eigen erklæring er her nok. Røystegjeving med søknad må vere valstyret i hende innan klokka 17.00 dagen etter valdagen.

Når kan du røyste?

Valdagen er måndag 11. september 2023

  • Men du kan førehandsrøyste frå 10. august 2023 på ein del stader i kommunen.
  • Og er det vanskeleg for deg å få til det, er det mogleg å avgje tidlegrøyst på Servicetorget heilt frå 1. juli. Du må ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00 for å avtale tid for tidlegrøysting. 

Vallokalet på valdagen vil vere ope frå 09.00 til 20.00.

Har du nedsett funksjonsevne?

Du skal kunne delta i valet utan å måtte ta omsyn til bevegelsesvanskar, svekka syn eller andre former for nedsett funksjonsevne.  Servicetorget, Bokn Folkebibliotek og Bokn Arena er alle røystestader som er tilrettelagde for alle og universelt utforma.

Er det mogleg å røyste heimefrå?

Velgjarar som ikkje greier å ta seg fram til eit røystelokale, enten det er lokale for førehandsrøysting i førehandsrøysteperioden eller på valdagen, kan be om å få gje sin røyst heimefrå. Søknad eller forespurnad om å få røyste heimafrå må innan 5. september 2023 sendast:

Bokn kommune v/Valstyret
Boknatunvegen 37
5561  BOKN eller per e-post til
post@bokn.kommune.no

Spørsmål kan også rettast til Servicetorget v/Gro A Sørensen eller Åse Helen Alvestad på tlf. 52752500.

Legitimasjon

Det er viktig at du har med deg legitimasjon. Det enklaste er bankkort med bilde, førarkort eller pass. Men det er ein del som ikkje har noko av delane. Då må du tenkje på kva som kan dokumentera at du er du – og som ikkje kven som helst elles kunne ha skaffa seg. Det er eit krav at legitimasjonen må ha eit visst offentleg preg og inneha minimum følgjande opplysningar:

  • bilde
  • namn
  • fødselsdato
Korleis fungerer røystegjevinga?

Hovudomsyn ved valordninga vår er at valet skal vere fritt og hemmelig. Det betyr at alle skal få moglegheit til å røyste, og at ingen skal ha innsyn i kva dei har røysta.

Ikkje eingong dine næraste kan forlange å få vete kva du har røysta – og endå mindre forsøkje å bestemme kva eller kven du skal røyste på.

Når du kjem inn i vallokalet, vil du bli møtt av ein valfunksjonær som viser deg til eit avlukke. Når du er komen inn dit, trekkjer du for forhenget. Du vil ha alle listene for kommunestyrevalet i Bokn og fylkestingsvalet i Rogaland foran deg.

Når du har funne lista til det partiet du ønskjer å røyste på, kan du  – om du ønskjer det – “retta listene” ved å endre settje kryss i ruta foran namnet på kandidaten/ane.    Andre endringar vil ikkje telje ved valoppgjeret.

Når du har vald røystesetel, bretter du røystesetelen saman med den skraverte sida ut, slik at ingen kan sjå kven du vil røyste på.

Ute av avlukket finn du vegen til dei som passer urna. Før du får leggje røystesetelen i urna, må dei finne deg i manntalet (lista over alle som kan røyste) på PCen sin. Derfor må du ha med deg legitimasjon, og viss du har med deg valkortet, går det heile mykje kjappere. I år får dei fleste av oss valkortet sendt digitalt.

Når du er blitt identifisert og det er merka av i manntalet, skal røystesetelen stemplast, deretter kan du legge røystesetelen oppi urna.

Då har du gjort din innsats i valet.

Under førehandsrøystegjevinga, går dette på omtrent same måten, men røysta di og valkortet kan bli lagt i ein konvolutt (viss du for eksempel røystar i ein annan kommune enn der du høyrer heime).

Dersom du treng hjelp i røystelokalet

I vallokalet kan du få med deg ein valfunksjonær eller ein annan ledsagar du har vald, inn i avlukket dersom du treng hjelp. Valfunksjonæren har sjølvsagt teieplikt. Person som har ein fysisk eller psykisk funksjonsnedsettjing kan også i staden eller i tillegg til valfunksjonæren be om hjelp frå ein sjølvutpeika ledsagar.

Korleis endrar du på røystesetelen?

Ønskjer du å påverke kva kandidater som blir valde, kan du gje personrøyst til ein eller fleire kandidatar på røystesetelen. Framgangsmåten ser du her:

 

    

 

 

   

 

 

Når får ein resultatet av valet?

Det er ikkje adgang til å offentleggjere resultater frå den foreløpige opptellinga før kl. 21.00 valdagen, måndag 11. september. Videre er det slik at valstyret kan motta røystegjevingar heilt fram til kl. 17.00 dagen etter valdagen. Dette for å sikra at ein får med seg røyster som er sendt frå andre stader i landet.

Du kan følgje med på valgresultat.no for å bli fortløpande oppdatert på valresultatet. Når det står at 100 prosent av røystene er talt opp, er kretsen ferdig. I Bokn har vi ein krets.