Vegopning 29. mai

Føresvikvegen 08.02.18 - Klikk for stort bilete Jardar Havikbotn

Den nye Føresvikvegen tar form, i veke 7 blei strekninga Bokn Arena - Hallvardskrossen asfaltert.

Prosjektleiar Asbjørn Opedal seier at alt er i rute fram til fylkesordføraren opnar vegen i slutten av mai, litt seinare enn først planlagt. Det er også mogleg at nyvegen vil gå heilt til Loten-krysset, det blir bestemt til våren.

Og vegen blir 6 m brei, med gang og sykkelsti/fortau på 2,75 m. Fartsgrensa vil bli 50 km/t frå Bokn Arena til Hallvardskrossen, vidare sørover 60 km/t (med betongrekkverk-skille).

Les også:

Utbetring av Føresvikvegen

Arbeidet i gong