Vegnamnskifte (aprilspøk)

Ordførar Tormod Våga med det nymonterte skiltet.Ordførar Tormod Våga får sin eigen veg.

I periodar får Bokn kommune inn forslag frå innbyggarane på nye vegnamn, og i vinter har fleire sett fram ynskje om at vegen frå Våga til Kro skal heita Tormod Vågas Veg.

NYE ADRESSER OG HUSNUMRE: Alle som bur i Krovegen vil framover bli kontakta av seksjon teknisk i samband med at dei frå i dag bur i Tormod Vågas Veg og vil få nye adresser og husnumre.Seksjon teknisk har hatt forslaget ute på høyring. Drift- og eigedomssjef, Kjell Arne Valentinsen, fortel om positive tilbakemeldingar og ingen merknader. Nødetatane har også uttalt at dei ser det som ein fordel at ein veg har same namn i begge retningar.

Ein stolt ordførar seier han trur valet er spesielt enkelt og naturleg sidan namnet Våga allereie er i Vågavegen.