Utruleg rekord igjen!

Song av småskulen på skulebasaren 2016.

Det kom inn fantastiske 42.058 kr. då den fjortande skulebasaren til inntekt for TV-aksjonen blei avvikla i Bokn Arena 21. oktober.

basar2.jpg

Om grunnen til den nye rekorden er den gode og luftige plassen i Bokn Arena, både for folk og pengar, er ikkje godt å seia. Fleire ting nasjonalt tyder også på at årets tema og Røde Kors har god klang, og det kan gå mot eit formidabelt resultat for TV-aksjonen.

To tredjedeler av den 1.200 m2 store hallen i nyopna Bokn Arena blei tatt i bruk, og i år var det som sagt god plass til alt. Det var til og med nokre ungar som slo hjul borte i eit hjørne på det flotte idrettsgolvet, då eg tok meg ein fotorunde.

Rektor ynskte velkommen, småskulen song, ordføraren heldt appell og det var dans med ungdomsskuleelevar, før pengane satt laust og drøsen gjekk blant dei fleire hundre frammøtte. 
 
Følg med korleis det går med årets innsamlingsaksjon i Bokn på kommunen sine facebooksider frå kl. 16 på sundag.
 
Ungdomsskuleelevar hausta stor applaus for danseopptrinnet frå TV-aksjonens skuleturne.Ordførar Tormod Våga og rektor Wenche L. Havikbotn fram eit flott gevinstbord, som i år også inneheldt ein levande hummar.Det var god plass til alt under årets skulebasar.