Ungdataundersøking

Rundt bordet fv. Joakim Lund (rektor), Ingrid Sofie Rundhaug (kommunalsjef tenester), Henriette Lindanger (helsesjukepleiar), Frans Gisle Hansen (SLT-koordinator), Anne E. Askeland (samfunn- og utviklingssjef), Tormod Våga (ordførar), Jan Erik Nygaard (rådmann). Lite bilde fv. Miriam Berland (einingsleiar helse) og Ingrid R. Strømsvold (rådgjevar Korus Vest Stavanger). Jardar Havikbotn 20. mai blei resultatet for fylkesundersøkinga, Ung i Rogaland, presentert. Ein forsiktig konklusjon er utarbeida.

Det var rådgjevar i Korus Vest Stavanger, Ingrid R. Strømsvold, som presenterte undersøkinga.

Alle 39 elevane i ungdomsskulen på Bokn skule deltok i Ung i Bokn siste veka i mars i år. Tilsvarande undersøkingar var i 2016 og i 2013. 25.000 ungdommar frå 8. klasse til Vg2 i Rogaland deltok.

Forsiktige tolkningar

I små kommunar som Bokn gir kvar enkelt respondent store prosentuelle utslag. Ein kan også forventa store variasjonar over tid. Det påverkar også utfallet av undersøkinga at 62% av dei spurde var gutar. På grunnlag av dette skal ein difor vera forsiktig i tolkningane.

Ingrid R. Strømsvold presenterte likevel nokre forsiktige konklusjonspunkt:

  • Å vera fornøgd: høge stabile tal angåande foreldre- og vennerelasjonar, reduksjon av dei som er fornøgde med helse og utsjånad.
  • Sjølvbildet er realativt sett godt, og det same gjeld følgeleg også graden av psykiske plager.
  • Typisk utfordring for eit lite samfunn; dei som fell utafor fellesskapet, gjer det nokså tydeleg.
  • Debutalder for alkohol og drikkereglar kan det med fordel jobbast med i kommunen. Cannabis er førebels ikkje eit problem.

Forstå og betra ungdommars levevilkår

I den kvalitetssikra og standardiserte spørjeskjemaundersøkinga får ungdommane anledning til å fortella om foreldre og venner, skule, lokalmiljø, fritidsaktivitetar, helse og trivsel.

Korus Vest Stavanger ønsker å presentera resultata på ein slik måte at ungdommane si stemme tydeleg påverkar samfunnsdebatten, dei politiske føringane og tiltak retta mot ungdommar og oppveksten deira.

Tal frå Ung i Rogaland skal vera klare i august.