Strandryddedagen 2018

Det blir strandryddedag laurdag 5. mai, med depot i Bokn Arena (BA) kl. 11-16. 

Som i fjor blir det organisert rydding i seks område i kommunen. I år er dette:

Område Ansvarlege
Stokkadalane-Fløsund Bokn Fiskarlag
Grønevik-Regavik (Austre Bokn) Bokn kommune
Skjebavik/Søre Solholmen-Skodahabn Bokn Senterungdom
Klepphaugen-Drevsund Bokn KFUK-KFUM-speidarar
Jøsenvågen-Langanesvågen Frivillige
Krågevågen m/omegn Frivillige

 

Områda har ein kontaktperson på kvar plass som har løpande kontakt med BA, og folk som møter opp i BA blir fordelte etter ønsker og behov. Når dei kjem att blir det mat og sosialt samvær. Maten er sponsa av Grieg Seafood.

Marint avfall

Tang, tare og trevirke skal ligga igjen på stranda. Får du tid kan trematerialet samlast saman i haugar, men ikkje slik at det kan flyta ut igjen.

Folk som vil rydda andre stader enn dei som er nemnde her, eller ikkje vil plukka langs sjøen, er sjølvsagt velkomne til å vera med. Det er det same kor du hentar boss, men det er ikkje lov å plukka langs E39.

Tryggleik

Folk må tenka sikkerheit når dei skal rydda ved sjøen. Dette er ekstra viktig når barna er med, og folk må sjølv vurdera om ein skal bruka redningsvest. «Hold Norge Rent» sin sikkerhetsveileder blir delt ut saman med sekkar og hanskar. Hugs mobilen, både med tanke på tryggleiken og for å senda bilde(r) og tekst til arrangementet si facebookside

Containerar

Det vil koma containerar på desse stadene, som berre er berekna for avfallet i samband med årets aksjon: Føresvik, Bokn Arena, Tåganes, Alvestadkroken, Hognaland og Loten. 

Viss det blir ruskevér 5. mai blir dagen utsett.

Årets strandryddedag er eit samarbeid mellom Bokn Røde Kors, Bokn Senterungdom, Bokn KFUK-KFUM-speidarar, Bokn Fiskarlag og Bokn kommune.

Du er hjarteleg velkommen til å gjera ein innsats for eit reinare Bokn!

Kontaktpersonar:

Elisa Skeie, tlf. 95160456
Audhild Sæbø, tlf. 45438459
Kjell Arne Valentinsen, tlf. 92242275
Jardar Havikbotn, tlf. 98221508