Startar intervjuprosess

Utsnitt frå rådmannsannonsa madsenbrekke.no 12 personar vil ha rådmannsstillinga i Bokn. Ordførar Osmund Våga håpar på tilsetting i februar.

Det var 16 stk. som søkte på stillinga. Etter at søknadsfristen gjekk ut har fire kandidatar trekt søknadane sine.

- Me er svært nøgde med responsen på rekrutteringsprosessen vår og har fått godt med søknadar frå mange dyktige kvinner og menn. Dette viser at Bokn kommune har eit godt rykte og blir rekna som ein interessant arbeidsplass med spennande moglegheiter framover, fortel ordføraren, som også er leiar i rekrutteringsutvalet.

Han reknar med å gjennomføra intervjua denne månaden og tilsetta Bokn sin neste rådmann i løpet av februar.

 

Søkarliste

Kristensen, Karoline Sveine (33)

Personalrådgiver, Kolnes

Samuelsen, Odd Inge (52)

Seniorskattejurist, Karmsund

Nessa, Helge (49)

Virksomhetsleder, Stavanger

Kolbeinsen, Michael Werner (48)

Kemner, Haugesund  

Mann, Unntatt offentlighet

 

Reinhardtsen, Grethe (57)

Helsepolitisk rådgiver, Drøbak  

Meisfjord, Thomas (47)  

Virksomhetsleder, kommunalteknikk, Eidsvoll

Gräfe, Michael (47)  

Samferdsel- og utemiljøsjef, Haugesund  

Berg-Hansen, Trude Julie (45)

Senior Rådgiver, Kolnes

Monstad, Jon Bjørnar (44)

Seksjonsleder i eiendomsavdelingen, Stavanger

Madsen, Truls Myhre (40)

Enhetsleder Forebyggende helsetjenester barn og unge/folkehelse, Oslo

Skjølingstad, Ingeborg (42)

Administrasjonsleder, Haugesund