Museet på Håland er ei avdeling av Haugalandmuseet, som legg vekt på å stå fram som eitt museum. Frå 1. juni blir det fastsett nye prisar som skal vera like for alle avdelingane; Karmsund folkemuseum, Dokken friluftsmuseum, Haugesund Billedgalleri, Nedstrand bygdemuseum, Arquebus krigshistorisk museum, Bokn bygdemuseum, Hiltahuset og Vindafjordmuseet.
Prisane er kr. 70 for vaksne, kr. 50 for student/honnør, gratis for barn under 16 år og grupper etter avtale. Det vil bli betaling med kontantar eller Vipps.
2 for 1
I perioden 1. juni til 31. august kan du besøke to museer til prisen av ein. Tilbodet er gyldig i 48 timar etter billettkjøp.
Historielagsleiar Martin Trosnavåg ynskjer velkommen til oppdagingsferd i ei sjarmerande utstilling i det gamle ungdomshuset på Håland!