Søknad om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø på eigedomane 11/327 og 328, Knarholmen Fiskehavn, Bokn kommune - Utlegging til offentleg høyring

Fylkesmannen_logo

Fylkesmannen i Rogaland har motteke søknad frå Prosjekt Konsult AS på vegne av Bekkarvik AS v/Finn M. Alvestad og Knarholm AS v/Finn M. Alvestad om løyve etter forureiningslova § 11 jf. § 16.

Søknaden omfattar utfylling i sjø med totalt ca. 30 000 m3 sprengsteinmassar fordelt på to område ved Knarholmen Fiskehamn, tiltaket vil røra eit samla sjøbotnsareal på ca. 8900 m2. Føremålet med tiltaket er å legga til rette for bygging av fiskerirettet verksemd.

Søknaden vil bli lagd ut til ut til offentleg ettersyn i Bokn kommune, Servicetorget, Rådhuset, Boknatun, 5561 Bokn, og på Fylkesmannen i Rogaland sine nettsider www.fylkesmannen.no/rogaland under «Miljø og klima» og «Høyringar». Uttalelser fra interesserte sendes Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59 sentrum, 4001 Stavanger, eller fmropost@fylkesmannen.no, innen 4 uker fra utleggingstidspunktet.