Naturen er fasinerande

Jardar Havikbotn Måndag 13. august blei det sluppe 400 brevduer frå fotballbanen i Føresvik. Rundt 45 min. seinare var dei heime på Jæren.

Kl. 10:30 gjekk entusiastiske Leif Inge Lura frå Jæren brevdueklubb rundt ein stor og moderne tilrettelagd tilhengar og gjorde dei siste forberedingane til å sleppa ut konkurranse-dueungar, akkompagnert av sjarmerande kurring frå fuglane. Han fortalde at ungane, som er fødde i tidsrommet februar – juni i år, var ute på trening. Kl. 10:45 skulle dei opp i lufta. Ungane trenar nesten kvar dag på denne tida. Dei vaksne trenar om våren/sommaren.

Brevdueklubben på Jæren har rundt 30 medlemmar, der 11 driv aktivt. Dette var ei såkalla fellestrening for å få fuglane til å fyka heim i lag. Og målet er å få dei til fly raskare og raskare, for kvar gong. Denne dagen var duer til sju ulike eigarar med til Bokn, og dei som skulle fyka lengst skulle til Varhaug.

- Det brukar dei ca. 45 min. på, sa Leif Inge Lura. Dei kan nemleg komma opp i ein fart på 120 km/t.

Fasinerande

- Duene finn fram til der dei er fødde. Frå dei er rundt 40 dagar gamle, byrjar orienteringsevna deira å falla på plass, og fuglane vil finna fram til heimen for resten av livet. Det er den naturleg innstilte GPS’en deira, fortel han.

For kvar trening køyrer han lenger og lenger vekk frå heimen. Dei drar ikkje så veldig langt med ungane, men dei vaksne duene har t.d. vore på Stadlandet. Han har til og med sluppe duer frå Røros, ei strekning på 500 km.

Ikkje alle fuglane klarer å orientera seg og kjem bort frå flokken. Desse blir som oftast tatt av rovfuglar, men enkelte kjem også heim nokre dagar etter dei andre Alle duene er nummerte i Norsk brevdueforbund, og viss nokon finn ei due kan dei gå inn på nettsidene deira og finna eigaren.

Her i landet er konkurransedrift med brevduer på hobbybasis, men t.d. i Belgia og Holland er dette stor butikk M.a. blir det sel millionvis av duer til Kina og Japan.

- Då startar me nedtellinga, ropte entusiasten frå Jæren. Nokre sekundar seinare kunne barnehagebarn og vaksne følga eit av naturens underverk.

Bilder frå hendinga:

Ein gjeng frå barnehagen kom bort og fekk ein liten naturfagstime av Leif Inge Lura. Egil og Arild Ognøy kom tilfeldigvis over duemannen frå Jæren og hjelpte til med å få fuglane opp i lufta. Duene blei slepte ut frå kvar side av tilhengaren og flydde raskt opp over fotballbanen for å samlast. I orienteringsfasen fauk flokken i fleire retningar over området, og høgare og høgare (m.a. for å unngå rovfuglar). Til slutt forsvann dei på sørvest-sida av Boknafjellet og peila seg etter kvart inn mot heimplassen. Det heile var over på nokre minutt.

Foto: Jardar Havikbotn