Nasjonaldag med nostalgisk sus

Årets 17. mai blei ein fin gjennomført dag med eit tilbakeblikk i Bokn si kulturhistorie.

Jan Spurkeland innfridde alle forventningar.

Heldigvis slutta det å regna då kapproinga skulle begynna. Nærmast vindstille og sol gjorde at det heile blei ei god oppleving. Og det kom ikkje noko meir ned frå himmelen før programmet var slutt, så i år var me heldige.

Gudstenesta, folketoget og konserten ved sjukestova blei gjennomført på tradisjonelt vis. Programmet på skulen begynte kl. 12.30 og blei gjennomført under dyktig leiing av Unni W. W. Høivik, leiar av årets 17. mai-komite. 9. klassingane Emilie A. Espeland, Annelin D. Jøsang og Celine Våga og  heldt ein fin appell før korpset  smelte til med akkompagnement på Norge i rødt, hvitt og blått.

Mange hadde nok sett fram til at Jan Spurkeland (73) skulle halda tale for dagen. Han innfridde alle forventningar. Kvifor kan du lesa meir om i maiutgåva av Bokn Bygdablad.