Nærmar seg ferdig

Bokn Arena nærmar seg ferdig.

16. september skal det vera overleveringsbefaring i Bokn Arena. 

I følge byggeleiar i Bokn kommune, Bjørn Løvland, skal alt bli ferdig - både inne og ute - til den offisielle opninga 1. oktober. 

På ein fotorunde 19. august bar bygget og området rundt preg av at byggeprosessen nå går inn i dei siste vekene. Det var mange elektrikarar i bygget, men også golvleggarar inne i hallen. Mange er spente på korleis golvbelegget vil ta seg ut, og kva innverknad det vil ha på akustikken.

I løpet av dei neste vekene vil det koma ulike møblar i bygget. Sjølve hallen vil m.a. få to teleskoptribunar langs delar av austveggen, og til saman skal det bli plass til eit publikumstal på 132. 

Opningsfesten

Elles blir det jobba med opninga 1. oktober. Komitéen vil presentera programmet i neste månad.

Her er bilder og bildetekstar frå 19. august. Klikk på bildet for å få det større: 

Slideshow : Bokn Arena 19.08.16

 

Sjå også korleis det såg ut 28. juni og 26. april.