Konsert & Humorshow

Torolf Nordbø, sonen Edvard ”Borneo” Nordbø og Han Innante er på Rogalandsturne og vitjar Bokn måndag 17. juni. Dei vil halda konsert og ha humorshow i Auditoriet kl. 19:00.

Programmet heiter ”Viser og Humor frå Rogaland til Amerika” og er støtta av Rogaland Fylkeskommune.

Dei fleste av visene er Torolf Nordbø sine eigne med tekstar på norsk, men han syng også andre sine viser.

Torolf Nordbø har med seg den yngste sonen sin, Edvard Nordbø (22) som sjølv er ein god gitarist og visesongar. Han har gjeve ut tre singlar på Spotify under artistnamnet ”Edvard Borneo”. Han skriv visene sine på engelsk og i framfører tre av dei i dette programmet. Musikkstilen til Torolf og Edvard er melodiøs og inneheld viser, country, roots og americana.

Han Innante dukkar også opp med humor og song.

Billettar i døra, kr. 200 for vaksne og kr. 100 for barn/skuleungdom – velkommen!