Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

val_gull.png

 

Listeforslag, kommunestyrevalet 2015 i Bokn

14. september 2015 skal der haldast kommunestyre- og fylkestingsval i alle kommunar i heile landet. Nokon kommunar held val over to dagar, 13. og 14. september, men i Bokn er valdagen fastsett 14. september. 

Valtinget 14. september 2015 er på allrommet i kommunehuset Boknatun og har opningstid frå kl. 09.00 – kl. 20.00.

Kven har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet?

Norske statsborgerar som

· vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret og som

· er, eller nokon gong har vore, folkeregisterført som busett i Norge, og som

· ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53.

· utanlandske statsborgarar som har stått ført inn i folkeregisteret som busett i Norge dei siste tre åra før  valdagen eller

· er statsborgar i anna nordisk land og blitt folkeregisterført som busett i Norge seinest 30. juni i valåret

· For å utøve røysteretten må veljar vere ført inn i manntalet i ein kommune på valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har røysterett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Norge, skal de i manntallsførast i Oslo kommune.

Førehandsrøysting:

Perioda for førehandsrøysting er frå 10. august fram til og med 11. september.  Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet.

I Bokn kan du førehandsrøyste i Servicetorget frå kl. 09.00 og fram til kl. 15.00, måndag til fredag i førehandsrøystingsperioda. Frå 17.  august kan du også førehandsrøyste på kveldstid i Bokn folkebibliotek,  mandag og onsdag frå kl. 16.00 til kl. 19.00.

Tidlegrøystegjeving:

Tidlegrøystegjeving er ein del av førehandsrøysteordninga og er aktuelt for dei:

«Veljerar som oppheld seg innanriks, unntatt på Svalbard og Jan Mayen, og som ikkje kan gi røyst i perioden for førehandsrøystegjeving eller på valtinget, kan ta kontakt med kommunen og gje røyst  frå 1. juli og fram til førehandsrøystegjevinga  startar 10. august i valåret.»

Du kan tidlegrøyste i Servicetorget frå 1. juli til 10. august.

Hugs legitimasjon og valkort ved førehandsrøysting.

Kven skal du røyste på?

Listeforslag over kandidatar til kommunestyret i Bokn i perioden 2015 -2019 blei innlevert 31. mars 2015 frå følgjande parti:

· Arbeiderpartiet

· Høyre

· Kristelig Folkeparti

· Senterpartiet


Valstyret i Bokn godkjente i møte 5. mai 2015 alle dei innleverte listeforslaga til kommunestyrevalet i Bokn 2015.

Dei godkjente listene (PDF, 18 kB).