Hei du/de! Les vidare

FolkDet kan vera akkurat deg/de me leitar etter no!

Er du 20 år?  Kanskje 40? Eller muligens 60? Er du student? Jobbar du fullt? Deltid? Er du åleine? Saman med nokon? Er du gift? Mann? Kvinne? Mor? Far?

Same det….men:

- Er du over 18 år?
- Køyrer du bil?
- Har du fritid nok til å ta eit støttekontaktoppdrag eller vera verge?

Eit støttekontaktoppdrag kan vera å fylgja ein person på ein eller to faste eller varierte aktivitetar i veka. Oppdrag vil variera noko i omfang og type aktivitet alt etter kva den einskilde likar og har trong for. 12 timar pr mnd er vanleg.

Vergens oppgåver kan bestå i å ivareta dei personlege og/eller økonomiske interessene til personen med verge, enten i sin heilhet eller på enkelte områder. Vergemålet skal individtilpassast den personen som har behov for verge, og ikkje vere meir inngripande enn nødvendig.

Ta kontakt med oss og fortell oss kva du er interessert i.

Oppdrag som støttekontakt er løna etter gjeldande satsar. Det vert og utbetalt køyregodtgjersle etter eigne satsar.  

Det blir kravd politiattest før oppdraget eventuelt tek til.

For meir informasjon ta kontakt med:

Miriam Berland tlf 52 75 25 36 - 404 10 570 eller send ein epost til miriam.berland@bokn.kommune.no