Hei, alle som er glad i å bada!

Me minner om tilbodet som Bokn pensjonistforening har, i samarbeid med Bokn kommune, starta om bassengtid i Tysværtunet.

Kommunen stiller med buss og transporten er gratis, men ein må sjølv betale inngangsbilletten til badeanlegget.

Bussen går frå Boknatun kl 15.30, etter ”fyrste mann til mølla”-prinsippet. Bussen tar 16 personar og skulle det bli kø må me prøve å finne løysingar.

Det er sett av 1 time i bassenget. Bussen vil returnere til Bokn kl 17.30.

Datoar fram til jul:

15. november
29. november
13. desember   (Denne dagen vurderer me å stoppe litt lenger for kafèbesøk/julehandel)

Spørsmål? Ta kontakt med Svanhild Alvestad,  tlf.  934 15 440