Føresvik hamn - vestre del

Her er reguleringsplan for Føresvik hamn - vestre del - endeleg godkjenning. Føresvik hamn, vest - Klikk for stort bilete Abo Plan & Arkitektur AS

Publisert av Jardar Havikbotn. Sist endra 13.07.2017

Kommunestyret i Bokn kommune har i møte 20.06.2017 godkjent reguleringsplan for Føresvik Hamn – vestre del, med kart sist dagsett 08.02.2017 og tilhøyrande føresegner dagsett 29.05.2017, i samsvar med § 12- 12 i plan- og bygningslova.

Planframlegget viser område for naustbygg og småbåthamn, m.v.

Klagerett:

Kommunestyret sitt planvedtak kan klagast på til fylkesmannen. Klagen må sendast Bokn kommune, Teknisk etat, Boknatunvegen 37, 5561 Bokn innan 3 veker frå dags dato.

Eventuell klage må setjast fram skriftleg. Om innhaldet i klagen vert det vist til § 32 i forvaltningslova.

Krav om erstatning eller innløysing:

Mogelege krav om erstatning etter § 15-3 i plan- og bygningslova eller krav om innløysing etter § 15-2 må setjast fram innan 3 år frå dags dato.

Saksframlegg (PDF, 443 kB)

Føresegner (PDF, 135 kB)

Plankart (PDF, 421 kB)

Login for redigering