E-sport på Petra

09.11.18 FIFA 19 på Petra. - Klikk for stort biletePetra Fritidsklubb har lagt til rette for E-sport m.m., etter å ha fått midlar frå Ungdom og Fritid (UF).

Bilde: 09.11.18: FIFA 19 på Petra.

Frifond frå Ungdom og Fritid - Klikk for stort bilete09.11.18 Singstar på Petra. - Klikk for stort bilete09.11.18 Singstar på Petra.Gjennom medlemsskapet sitt i UF kan klubben søka om såkalla Frifond. Etter samarbeid mellom ungdommane, driftsgruppa (foreldregruppe frå 9. kl.) og kulturkontoret, blei det sendt inn søknad på tilrettelegging for E-sport (videospel) m.m. Det blei full utteljing, så nå blir sosiale spelekveldar ein del av tilbodet på klubben.

Initiativet kom frå ungdomsstyret, som satsar på mange folk på klubbkveldane framover.

- Nå kan me invitera til arrangement som t.d. FIFA 19-turnering, syngekonkurransar, dansekonkurransar, YouTube-favorittkveldar, Selfiekveldar, Lag film-kveldar og LAN, seier ungdomskontakt med UF ang. søknaden, Mathias Olsen fornøgd.