Dugnad på kyrkjegarden

sett_frå_fjelletDet er tid for å sjå på gravstøtter og anna tilbehør på kyrkjegarden. 

Av Jan Magne Moi

Kyrkjeverja har vore i kontakt med steinleverandør og med dei andre kyrkjeverja her i Nordfylket. Det er kome fram at dei som er festar (har ansvar for ein gravstein), har ansvaret dersom barn under leik eller tilsette som steller gravstaden, får ein stein over seg. Det er fleire døme på at steinar som ikkje er sett opp og sikra etter dagens standard, vert straffe-rettsleg ansvarleg for skaden som steinen har påført. Fleire har måtta betale fleire hundre tusen i erstatning.

På kyrkjegarden er det mange gamle gravstøtter som ikkje held dagens krav og som står utsett til om skade skulle skje. Vi ber dei som har ansvar for gravstein her, tek ein sjekk. Alle gravsteinar skal vere fast med bolt.

På gravplassen på vestsida av vegen, er fleire gravsteinar av nyare dato og dermed sikra etter forskriftene, men der har frost forårsaka at veldig mange graver ikkje lenger står i lodd. Det hadde vore fint med ein dugnad som retta opp dette.

Fotograferte

Kyrkjeverja har fått melding om at dette året vil alle gravstøttene i Bokn bli fotograferte og lagt ut på Internett i regi av DIS Norges Gravminneprosjekt. Slektsgranskarar og kven som helst, kan då gå inn på internett og finne gravstøtta. Kanskje du skulle sjå om steinen som du har ansvar for, treng reingjering slik at teksten kjem tydeleg fram?

Til slutt må kyrkjeverja meddele at det er gjort ein feil i samband med steinar sett ned siste åra. Det er ikkje høve til å setje stein oppå stor plate. Det skal vere ein grunnstein under gravsteinen og eventuelt ei plate framfor gravsteinen. Det er kyrkjeverja som ikkje har vore oppdatert på dette. Men frå no av vert ikkje slike store plater godkjende lenger.

Lukke til med dugnaden!