999 på kino

Marcus & Martinus kjem til Auditoriet 20. januar.

Auditoriet hadde i fjor det nest høgste besøkstalet for Bygdekinoens 14 år i Bokn, og 20. januar er det norgespremiere igjen.

En gatekatt ved navn Bob, 20. januar kl. 20.00.

Det gode kinoåret tilsvarte ei auke på over 30% i forhold til 2015 (25% på landsbasis). Berre kinoåret 2011 med 1.277 besøkande var betre enn 2016.

Startar med norgespremiere

Kino- og informasjonskonsulent i Bygdekinoen, Martin Øsmundset, er temmelig sikker på at 2017 også blir eit knall-kinoår. Det er nemleg mange storfilmar i vente, spesielt nye barnefilmar om Karsten og Petra, Gråtass, TRIO – Jakten på Olavsskrinet, animasjonsfilmen Richard Storken, Dyrene i Hakkebakkeskogen, Disney-filmen Vaiana, og ikkje minst dokumentaren om Marcus & Martinus, som har norgespremiere i Auditoriet førstkommande fredag, 20. januar. 
 
Blant vaksenfilmene kan nemnast Hundreogettåringen, Spenningsfilmen Kings Bay og En gatekatt ved navn Bob, sistnemnde film er også på plakaten på fredag.
 
Det er mykje å gle seg til - velkommen til eit nytt kinoår!