1100 i gravferder

Jan Magne Moi Til saman var omlag 1100 personar til stade då Arvid og Kurt Jøsang blei gravlagde torsdag 25. oktober.

Av Jan Magne Moi

Ein rekna med at det kunne bli stort oppmøte og sette opp telt mellom kyrkja og inngangsporten. Det kom vel med til ly mot ver og vind. Med hjelp av høgtalarar ut i teltet, kunne alle høyre.

Mellom gravferdene sette mange pris på å kunne varme seg med ein kopp kaffe på Kyrkjebygda skule (gamleskulen).

Mange ville syne medkjensle i sorga. Til saman på dei to gravferdene var det omlag 1100 til stade.

Fred over minnet.

Her kan du lese meir frå dagen