Stort båtprosjekt

"Triton" Bokn Røde Kors Bokn Røde Kors arbeider med å få på plass ein permanent beredskap på sjøen. «Prosjekt Triton» omfattar båt, rednings og bergingsutstyr samt personleg sikkerhetsutstyr til mannskap.

Arbeidsgruppa består av Lars Øyvind Alvestad, Kim Erik Larsen, Kaj Arne Christiansen og Kjell Frode Lie. Alvestad fortel at dagens båt kan bli litt liten når veret blir for tøft. Nå vil dei kjøpa ein større og meir robust båt.

Målet er å hjelpa folk i nød, bistå med andre operasjonar som slep og andre oppgåver som blir tildelt av HRS Sør, men også for tryggleiken til mannskapet.

Eit aukande behov kjem av den eksplosive veksten i talet på fritidsbåtar og hendingar, etter at fleire er på ferie i eige land grunna covid-19.  

Stor investering

Bokn Røde Kors, som har sett av mykje eigenkapital, går breitt ut for å få finansieringa i hamn. I tillegg til stiftingar, offentlege midlar og potensielle sponsorar, kan også interesserte private vera med og gi bidrag i følgande Spleis:

Bokn RK sin Spleis

Meir info om prosjektet