Stor førehandsrøysting i Bokn
Valfunksjonærane Gro Sørensen (til høgre) og Åse Helen Alvestad har sidan 12. august hatt stor pågang av folk som har førehandsrøysta. Sistnemnde fekk også tid til å røysta sjølv før dei sette strek.
Jardar Havikbotn
Då Servicetorget stengde for førehandsrøysting fredag kl. 15, hadde heile 22,4% av dei 673 stemmeberettiga i kommunen avgitt stemma si.
Dette er i tråd med utviklinga på landsbasis, der folk gradvis har blitt vande med å røysta på førehand - ikkje minst fordi det er praktisk for mange.
NTB melder om at ein av fem veljarar i Noreg har førehandsrøysta, noko som er rekord i eit kommuneval.
Kyrkjevalet
Også Kyrkjevalet i Bokn har mange førehandsrøyster. Her måtte det også fyllast på med røystesetlar den siste timen.
Bruk stemmeretten din på måndag - godt val!
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 07.09.2019 16.32