Rettleiar til felling av vilt som gjer skade

Logo, Miljødirektoratet - Klikk for stort bileteLogo, Miljødirektoratet miljodirektoratet.no Miljødirektoratet har laga ein god rettleiar til felling av vilt som gjer skade.

Trykk for å sjå rettleiaren

Vilt som gjer skade

 

 

Rettleiaren, som er for private, gir gode råd om kva som kan gjerast i forhold til desse temaene:

  • Måker som bråkar
  • Gås som beitar 
  • Flaggermus på loftet 
  • Grevling under huset
  • Hakkespett som lagar hol i veggen

Måker

Det blir understreka at så fort måkene har begynt å bygga reir, er det forbode å fjerna reira eller forstyrra fuglane på andre måtar. Å fjerna påbegynte reir eller egg blir definert som skadefelling, og krev løyve.

Forstyrring av måkene gjer problemet verre. Etablerte par som får ro vil gjennomføra egglegging og oppfostring av ungar på kortare tid enn fuglar som blir forstyrra og får hekkinga avbroten. 

Som førebyggende tiltak mot hekking blir det mellom anna anbefalt å legga til rette for hekking andre stader, med måkeplattformar blir sette opp på eigna stader. 

Gås

Rettleiaren seier at det er lite effektivt å forsøka å begrensa skade ved skadefelling, fordi gjæsene kjem i store flokkar. Det mest effektive tiltaket er å etablera friområde og nytta ulike typar skremslar for å halda dei borte frå område der dei gjer skade, som skremmeskot, fugleskremsel og laser, i tillegg til gjerding i den perioden gjæsene ikkje er flygedyktige. 

Rettleiaren seier ellers dette:

Før du søker om tillatelse til å felle dyret som gjør skade, må du ha utført forebyggende tiltak. Hvis dette ikke er oppfylt, får du søknaden i retur.

Avliving er siste utvei, og kan kreve at du må søke myndighetene om tillatelse til skadefelling. For å få en slik tillatelse, må du kunne dokumentere at du har prøvd å finne en annen løsning på problemet.