Kjekt i Sommar!

Leikande barn. - Klikk for stort bileteLeikande barn. pixabay.com I år vil me i Bokn kommune gi eit variert aktivitetstilbod til elevar frå 1-10 klasse!

Tilbodet er gratis og kjem til å bestå av aktivitetar som tek for seg læring, fysisk aktivitet, kultur, meistring og trivsel. Me kjem til å tilby aktivitetar måndag til fredag, veke 26 og 31, og moglegvis i veke 27.

Tilbodsoversikt og påmelding kjem

No jobbar kommunen aktivt med å få på plass alle avtalar med ulike aktørar, slik at me om få dagar kan legge fram eit program med ulike aktivitetar/kurs for alle elevar i 1.-10.trinn. Informasjonen om dei forskjellige tilboda og påmelding blir lagt ut på nettsida til kommunen så fort det er klart.

Smittevern vil bli tatt omsyn til og ver obs på at det kan oppstå endringar på grunn av endringar i smittesituasjonen.

Prosjektleiar

Simmen Karoliussen er prosjektleiar for sommarskulen, “Kjekt i Sommar”. Har du noko du lurar på kan du sende epost til simkar@bokn.kommune.no

Me gler oss til å ha det Kjekt i Sommar!

Fakta om sommarskule-prosjektet

Det er Utdanningsdirektoratet som har oppretta tilskotet for sommarskule, kor kommunen no kan legge opp til eit mangfaldig aktivitetsprogram for elevane i grunnskulen, som kan gjere litt opp for lite aktivitet grunna pandemien. Målet er at elevane skal få ein arena kor ein kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar sommaren 2021.