Gamle eikestokkar

I samband med utgraving av myr frå Laupland mot E39, har Skanska funne 4900-5000 år gamle eikestokkar.

Bilde av eikestokkane. - Klikk for stort bileteSkanska har funne 4900-5000 år gamle eikestokkar. Jakob Kogstad

Prosjektingeniør Jakob Kogstad i Skanska Norge AS fortel at dei har fått eikestokkane karbondaterte. Han er også i kontakt med lokal byggmeister, for å sjekka om det er mogleg å laga lokale produkt ut av den gamle eika.

Dette kan bli eit svært spennande prosjekt, noko lokalhistorikar Birger Lindanger er einig i. Dette er nemleg restar etter store lauvskogar.

-Ved dei tider eiketrea vaks her, var den årlege gjennomsnittstemperaturen på Laupland 2,3 grader høgare enn i dag. Store delar av øyane var dekka av varmekjære lauvskogar der det mellom skal ha luska villsvin. I utkanten av denne skogen, langs strendene, slo dei fyrste boknarane leir, seier Birger Lindanger.