Ferie for alle

Frå video om "Ferie for alle" rodekors.no Ferie for alle er eit tilbod i regi av Røde Kors som skal sikra at barn frå familiar med svak økonomi skal få moglegheit til å reisa på ferie saman med foreldra sine, på lik linje med dei på same alder, uavhengig av foreldra sin økonomiske situasjon.

Ferie for alle-opphalda blir arrangert i skuleferiane og er for familiar som har minst eitt barn i alderen 6-13 år. På Ferie for alle får familien tid til å vera saman og kan skapa minner for livet. Ferie for alle er ein aktiv ferie, og er gratis for familiane. Familiane har sjøv ansvar for barna sine, og frivillige frå Røde Kors legg til rette for opphaldet.

I tillegg til familieopphalda arrangerer Røde Kors nokre ferieopphald kor barn reiser utan føresette og søsken.

Røde Kors henvender seg årleg til det lokale hjelpeapparatet for å komma i kontakt med familiar som har behov for gratis ferietilbod grunna økonomiske utfordringar, og Røde Kors er opptatt av at me i kommunen sikrar at tilbodet blir gitt til dei familiane som treng det mest.

Behovsvurdering

Kommunen brukar ulike opplysningar for å få oversikt over kva for nokre familiar som har størst behov og kven som best kan nyttiggjera seg av tilbodet, og går ut med tilbodet direkte til dei me tenker er aktuelle. Men dersom du tenker at din familie eller ein familie du kjenner kan vera aktuell for tilbodet, ber me deg gjerne om at de sjølv også tar kontakt med enten helsestajonstenesta eller psykisk helsetjeneste som då vil søka på vegne av dykk. Ein kan ikke søka til Ferie for alle som privatperson då søknaden ikkje blir godkjent utan at han går gjennom kommunen.

Ved spørsmål om tilbodet og søknaden:

Kontakt med helsesjukepleiar Henriette S. Lindanger: tlf. 93851409 eller Miriam Berland på telefon 40410570.

Du kan lesa meir om Ferie for alle på Røde Kors sine nettsider