Eldrefesten er flytta

Klart for eldrefest i 1999. - Klikk for stort bileteKlart for eldrefest i 1999. Jardar Havikbotn

Årets eldrefest, som er i allrommet på Boknatun, er flytta frå torsdag 20. oktober til fredag 21. oktober. Påmelding innan 14. oktober til servicetorget på Boknatun.

Eldrerådet/Rådet for personar med funksjonsnedsetjing lagar til den tradisjonsrike festen for eldre. På grunn av bygdekveld med skulebasar i Bokn Arena 20. oktober, flytta dei altså eldrefesten til fredag 21. oktober 2022 kl. 17:30.

 

 

 

Unni Hilt (vokal) og Jostein Marø (gitar) turnerer mykje på Haugalandet for Den Kulturelle Spaserstokken. Dei kjem til Eldrefesten på Bokn med eit program som dei har kalla Ønskekonserten. Her får publikum høyre gode gamle slagerar og kjente songar som dei fleste har eit forhold til. 

Velkommen til konsert der allsongen står i fokus!

Jostein Marø - Klikk for stort bileteJostein Marø Ukjend Unni Hilt - Klikk for stort bileteUnni Hilt Ukjend