Ein rådmann ser tilbake

Siste ordinære arbeidsdag, 19. juni: Jan Erik Nygaard har fått med seg dørskiltet til odel og eige. Jardar Havikbotn I dag, 26. juli er Jan Erik Nygaard, landets lengstsittande rådmann - som nå har pensjonert seg, 68 år. I dette intervjuet ser han tilbake på eit langt yrkesliv, men også på framtida til Bokn kommune.

Sjølv om Jan Erik seier at det er fint å slutta nå, viser han under samtalen at han er «eit levande leksikon» og framleis har mykje å tilføra Bokn kommune. Og han skal også delta litt i arbeidet med budsjettet for 2021 i haust. Eit finansreglement og politisk reglement er også noko han vil avslutta før han går heilt ut av Boknatun.

Jurist

Kommuneadministrasjonen hadde avslutning for Jan Erik på sjøhuset til Åse Helen og Espen Alvestad, 19. juni. Der viste Jan Erik kor god talar han er, då han utan manuskript tok for seg alle som var med på hendinga, og gav dei fine ord. Jardar Havikbotn  Han er jurist med skatterett som spesialfag, og han jobba tre år som konsulent og nestleiar i skatteavdelinga hos fylkesskattesjefen i Bodø før han begynte i Bokn 1. nov. 1981. Då kjende han ikkje så godt til kommunedrift, men dåverande sosialsjef, Johan Dankel hadde gått i samme klasse som Jan Erik i Haugesund.

Arbeidsverktøyet gjennomgjekk ei stor utvikling dei første 10 åra hans i kommunen; frå handskriving og stensilering, via skrivemaskinar til datamaskinar.

- Det var spesielt ein skrivemaskin som me syntest var utruleg god. Det var ein IBM kulehovudmaskin med rettetast, humrar han.

Jan Erik fortel også at formannskapssekretær Karin Svendsen på midten av 1980-talet var svært framtidsretta, då ho kjøpte sin eigen PC og tok utdanning før flyttinga til Boknatun hausten 1987.

- Det var ho som begynte med data i Bokn kommune.

Sju ordførarar

Då han begynte i Bokn kommune, var tittelen kommunekontorsjef (eit par år) og Leif Vatnaland var ordførar. Arne Øvrebø var så ordførar i 2 år før Leif Vatnaland tok over igjen for 11 år. Etterpå blei det samarbeid med Sigrunn Hole Hosaas (4 år), Svein Ove Alvestad (8 år), Kyrre Lindanger (8 år), Tormod Våga (4 år) og nåverande ordførar, Osmund Våga.

- Eg har hatt eit utruleg godt forhold til samtlege ordførarar eg har jobba med. Har sett veldig godt pris på dei og synest dei har vore kjempeflinke.

- Eg trur at dette, samt å ha fått jobba med mange dyktige og kjekke tilsette i Bokn kommune, har gjort at eg har trivest så godt i Bokn – og eg har aldri vore lei og hatt behov for å søka meg vekk, fortel han.

 

«Gamle banken»

- Det var jo eigentleg ganske koseleg, ler han.

Jan Erik i "Gamle banken", med Reidar Alvestad til venstre. Ukjent Kommuneadministrasjonen (bortsett frå sosialkontoret og likningskontoret, som var i 2. etg hos Bokn handelslag) heldt til på 12 m2 i «Gamle banken», 2. etg. – eit hus i bakken ned til Føresvik-kai (Føresvikvegen 22 i dag).

- Der hadde me også formannskapsmøtene. Det var rett nok berre 5 stk. i formannskapet den gong, men det var trangt og røykfullt. Det var fleire som røykte, og det var ikkje røykeforbod då. Det var også skråtak, og folk kunne ikkje stå oppreist i deler av rommet.

Han fortel at kommunestyremøtene var på skulen, i dåverande musikkrom. Kommunen var ellers organisert med teknisk hovudutval, sosialstyre, kulturstyre og skulestyre.

- Skulestyret var nesten unntatt rådmannen sine arbeidsoppgåver. Administrativt var rådmannen overordna skulesjefen, men det faglege var 100% tillagt skulesjefen. Skulestyret styrte den politiske delen av skuleaktiviteten.

Stortinget vedtok i 1992 ein ny kommunelov som auka kommunane sin beslutningsrett i forhold til statlege beslutningar og seinare i 2003 overførte ansvaret for å forhandla løn og arbeidsvilkår for lærarane til kommunane. 

Boknatun 1. oktober 1987

- Eg føler me blei ein skikkeleg kommune då me fekk opp det bygget med alle dei ulike funksjonane, seier Jan Erik.

- Boknatun var mykje meir innhaldsrikt den gongen enn kva det er i dag.

Boknatunopning 1. oktober 1987: Fv. ordførar Leif Vatnaland og fylkesordførar Lars Vaage kuttar snora. Stein Alendal Huset blei lenge kalla «Kombibygget». Her var kommuneadministrasjon, lege, tannlege, bibliotek, helsestasjon, sjukeheim, post, bank, delvis lensmannskontor, landbrukskontor, trygdekontor, likningskontor, og ikkje minst eit stort allrom til m.a. politiske møte.

På Boknatun var alt kabla for å få inn datamaskinar. Jan Erik hugsar at dei fekk dette veldig fort, men det var ikkje noko nett den gongen. Datamaskinane då blei brukte opp mot økonomi frå ein felles base: Rogalandsdata, etablert i Stavanger. Skatterekneskap og kommuneøkonomi var inne på dette systemet. Ellers blei det brukt skrivemaskinar.

Som tidlegare nemnt hadde Karin Svendsen lært seg data i åra før dei flytta inn på Boknatun. Dag Halvorsen kom etterkvart inn som datamann og lærte opp Jan Erik til å bruka Excel-rekneark, saman med Vest informasjonssystemer. Bærbare PC’ar blei innkjøpte og kommunebudsjett og økonomiplan kom inn på Excel.

- Bokn kommune var ganske tidleg ute i innføring av data. Karin Svendsen og Dag Halvorsen var foregangspersonar, hugsar han.

Minnerik historie frå 1982/83

Rogaland fylkeskommune var med og dekka utgiftene til Boknatun, både i form av direkte tilskot og eit tilsvarande stort beløp som skulle nedbetalast på 30 år, dei sju første rente- og avdragsfritt.

Kommunaldepartementet skulle gi eit like stort bidrag, men dette var aldri bokført som eit vedtak, og dei måtte kjempa for å få midlane. Jan Erik fortel at ordførar Arne Øvrebø og han reiste til Sola flyplass og møtte statsråd Arne Rettedal, fylkesordførar Lars Våge og statssekretær Kjell Ursin-Smith.

Etter at ordførar og rådmann hadde lagt fram saka, sa Arne Rettedal:

- Dette er eit offisielt møte i regi av Kommunaldepartementet og du Kjell skriv referatet. Då skal Bokn kommune få tilskot frå departementet som tilsvarar dei manglande beløpa i finansieringsplanen.

- Og i rådmannen sitt forslag til finansieringsplan låg det sjølvsagt inne same beløp som Rogaland fylkeskommune hadde gitt i støtte, fortel Jan Erik fornøgd.

Fastlandstilknyttinga

I tillegg til at Rettedal-møtet og innflyttinga på Boknatun er hendingar som alltid vil vera med Jan Erik, har han også gledd seg stort over alle bruopningane, spesielt av Boknasundbrua 22. februar 1991 og kongebesøket i Opninga av brua over Boknasundet 22. februar 1991 var ein stor dag. Ukjent  samband med opninga i Arsvågen 26. juni same året. Kakeentusiasten nemner også den store kaka då brua over Boknasundet blei opna.

Gasskraftverk og den viktige avtalen

På 1980-talet, før E39 vår påbegynt, dukka det opp ei sak om bygging av gasskraftverk. Tysvær ville ha det på Kårstø-området og Bokn ville ha det på Ognøy. Kommunane kjempa og blei innkalt til fylkesordførar og fylkesrådmann.

Dåverande vegsjef støtta også Bokn kommune i denne saka. Han meinte at Bokn at Bokn skulle ha like gode forhandlingskort på hand som Tysvær, og då måtte Ognøy vera tilknytta fastlandet. Jan Erik blei beden om å skriva ein avtale og ordføraren i Tysvær skulle gå god for at Tysvær skulle slutta seg til avtalen.

Avtalen gjekk ut på at når ein fekk nye anlegg på Kårstø, skulle Bokn kommune få sin andel av inntektene, basert på innbyggartal. Då Tysvær hadde akseptert avtalen, drog ordførar, varaordførar og Jan Erik til Aksdal og fekk underskrift på avtalen.

- Då var me så godt nøgde med oss sjølve at me hadde kjøtkakemiddag på kommunen si rekning på heimvegen, humrar han.

Avtalen blei så vedtatt i kommunestyret. Dette førte då til at Bokn fekk den første vegbrua tidlegare enn planlagt.

Sleipner-kondensat

I 1995 blei det gjort vedtak om at det skulle ilandførast Sleipner-kondensat til Kårstø. I konsekvensutredninga stod det at prosjektet ville løysa ut avtalen som var inngått mellom Bokn og Tysvær samt eigedomsskatt. Denne avtalen gjer at Bokn har hatt inntekter frå gassbasert industri sidan 1995.

- Inntektsavtalen har skapt grunnlaget for drifta av kommunen dei 25 siste åra. Det var ein stor sak for Bokn kommune at me fekk det til. I den anledning betalte også Statoil for ordførarkjedet. Dåverande ordførar Sigrunn Hole Hosaas var då den første ordføraren som tok dette i bruk.

Ny inntektskjelde

Frå sentralt hald har det fleire gonger kome forslag om reduksjonar i inntektssystemet til kommunane, særleg dei minste. Både i Svein Ove Alvestad og Kyrre Lindanger sine ordførarperiodar blei det kjempa kampar, som Bokn Kaka til Julianne og Johannes Nilssen på bruopningsfesten 22.02.1991 var både fantastisk stor og fantastisk god. Kakeentusiasten Jan Erik var blant dei som sette stor pris på kaka. Stein Alendal vann. Men sist gong dette var oppe, tapte Bokn kommune kampen, noko som var starten på ein økonomisk bølgedal. Dei siste åra har likevel kommunen fått store ubudsjetterte inntekter frå Havbruksfondet (6 mill. både i 2018 og 2019), som har ført til at bølgedalen ikkje har blitt så djup. 68-åringen er difor veldig spent på kva Bokn kommune får frå Havbruksfondet neste gong.

Dei siste åra har også innbyggartalet gått ned, og me har vore nede i 840 stk. Men det har skjedd ei endring i 2020, og nå er det 855 igjen. Han håpar den positive trenden vil halda seg.

- Det viktigaste for Bokn nå er, som me har sagt mange, mange gonger før, å få opp innbyggartalet – spesielt barnefamiliar, seier han.

Interkommunale samarbeid

Han har vore ein høgt respektert rådmann og vore leiar i fleire interkommunale prosjekt, m.a. i «Barnevernsamarbeidet på Haugalandet» (BAS) og prosjektet «Miljøretta helse».

Den største saken han ser tilbake på med glede er etableringa av «Haugaland Brann og Redning IKS», der han var leiar av prosjektgruppa som fremma forslaget om eit felles brannkorps på Haugalandet.

- Dette har vore ei stor og viktig sak - veldig kjekk å jobba med, kjem det frå Jan Erik, som også har vore styreleiar og dagleg leiar av Bokn fiskemottak då kommunen var inne i drifta av laksemottaket.  

- Samarbeidet på Haugalandet og i Ryfylket, særleg med rådmennene, har vore utruleg godt, og gjort sitt til at det har vore veldig kjekt å jobba i Bokn, slår han fast.

Framtida til kommunen

Han er usikker og kan ha mange meiningar om det. Han har laga innstilling om å slå seg saman med Tysvær, som Kongen har nettopp opna E39 Kyststamvegen og ferjedrift i Arsvågen, 26. juni 1991. Ordførar Leif Vatnaland til høgre og vegdirektør Eskild Jensen til venstre. Stein Alendal eit einstemmig formannskap slutta seg til. Samtidig er han overbevist om at mykje av det me har fått til i Bokn, trur han ikkje me hadde fått til viss me ikkje hadde vore eigen kommune.

- Bygging av ny skule er eit eksempel på dette. Noko slikt var nemlig ikkje aktuelt i forhandlingane med Tysvær om kommunesamanslåing.

- Det same med den nye Føresvikvegen. Eg trur me får meir til som eigen kommune.

Krav

Men så ser han på utviklingstrekka der småkommunane får større og større problem med å overleva, for ting blir så kompliserte.

- Det er t.d. gjort vedtak om at alle kommunar skal ha eigen psykolog. Dette er nesten umogleg å få til, viss me ikkje får ein avtale med ein nabokommune om å få ein del av ei stilling der. Me får problem dersom nabokommunane ikkje vil hjelpa til slik at me kan innfri dette kravet.

- Viss kommunen får fleire og fleire slike krav, blir det verre og verre å halda fram som eigen kommune.

Han er heller ikkje i tvil om at ting stadig blir meir kompliserte. Det er t.d. svært høge beredskapskrav i kommunen, og han trur at det til slutt blir så mange krav til at det blir svært vanskeleg å vera eigen kommune.

- På mange måtar håpar eg Bokn kan fortsetta å vera eigen kommune. Eg trur på mange måtar at det er best for innbyggarane, men så eg er veldig usikker på om storsamfunnet vil tillata at sånne småkommunar får lov til å overleva.

Fordeler

Jan Erik trur at veldig viktige tenesteområde i kommunen, som skule, barnehage, pleie, omsorg og helse, kan ein liten kommune driva svært godt sjølv.

Kommuneadministrasjonen hadde avslutning for Jan Erik på sjøhuset til Åse Helen og Espen Alvestad, 19. juni. Der fekk han m.a. ei reise for to til Brimiland, overrekt av rådmann Ingeborg Skjølingstad. Jardar Havikbotn - Eg trur at me kan driva ein kjempegod skule, flott barnehagetilbod og nærværet til innbyggarane gjer at tenestene innan pleie, omsorg og helse blir best i ein liten kommune enn i ein stor.

- Også i kommunalt planarbeid er det ein fordel å vera eigen kommune. Eg er ikkje sikker på om lokale interesser blir tatt vare på på ein god måte i ein storkommune.

Store einingar

Likevel trur han at framtida er storkommunar, og då meiner han store einingar, mykje større enn t.d. Bokn og Tysvær.

- Når det er sagt så trur eg Bokn ville fått det godt i ei samanslåing med Tysvær. Tankesettet er ganske likt når det gjeld å drifta bygdene, og det ville vore ein rik kommune så ville gjort at det hadde vore mykje pengar i den nye kommunen. Eg trur at Bokn i tilfelle ville vore ei viktig bygd i ein slik kommune, og ikkje ein utkant.

- Eg trur likevel at viss Bokn greier den økonomiske drifta, så trur eg Bokn vil vera eigen kommune ein god del år framover. Me må klara å innfri dei krava som storsamfunnet set, men viss me ikkje greier oppgåvene våre, trur eg heller ikkje innbyggarane vil vera eigen kommune.

Pensjonisttilværet

- Eg kjenner eg har lyst å ha fri – at eg ikkje skal på jobb.

Symbolsk: Nåverande og tidlegare rådmann i same båt, kor Jan Erik Nygaard etter kvart gav roret til Ingeborg Skjølingstad. (Bildet er frå avslutninga på sjøhuset, 19. juni). Kristian Jørgensen Det har nemleg blitt mykje jobbing utanom arbeidstid for Jan Erik. Han nøler ikkje med å seia at jobben også har vore den store hobbyen hans. Mykje av denne hobbyen har vore knytta til ei rådmannsgruppe, som reiser på private turar 4 – 5 gonger i året. Gruppa reiser utan «den betre halvdel».

- Det dreier seg berre om kommunepolitikk og diskusjonar kor me løyser verdsproblem på ein framifrå måte, poengterer han.

Den ferske pensjonisten og kona Rannveig har hatt hus i Danmark i snart 6 år nå, og det vil bli lenger periodar i nabolandet framover.

- Ellers set eg veldig pris på å vera ute i friluft, noko det blir meir tid til nå. Eg skal også vera meir saman med gode venner.

Imponert

Jan Erik har berre gode ord å seia om etterfølgaren, den nye rådmannen, Ingeborg Skjølingstad.

- Omgjengeleg og kjekk person som er flink og kjapp. Eg trur ikkje Bokn kunne fått flinkare eller betre rådmann. Ho har imponert meg skikkeleg så eg trur ho skal bli veldig bra for Bokn.

Ein kunnskapsrik 68-åring med stor arbeidskapasitet takkar for seg og trer inn i pensjonistane sine rekker. Eg vil tru eg har heile bygda med meg når eg takkar han for alt han har gjort for Bokn gjennom alle desse åra, og ønsker han lykke til som pensjonist.