Alkovett i barneidretten

Dei fleste er einige om at barneidrett og alkohol ikkje høyrer saman.

- Alkohol øydelegg dei trygge rammene i idretten. Sjølv om haldningane er gode og dei aller fleste av oss tek avstand frå alkohol i barneidretten, er det dessverre overraskande mange klubbar som opplever utfordringar med alkohol, seier Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til.

Dersom klubbane har klare retningslinjer for alkohol, er det lettare både for leiarane, trenarane og foreldra å ta sin del av ansvaret.

Ver ein god støttespelar

- For ein støttespelar i barneidretten handlar det om å sjå kvart enkelt barn og situasjonen til det enkelte barnet. Ver interessert og spør korleis det går. Vis at du bryr deg!

Det er ikke alltid tryggest på hjemmebane (Video)