Styrking av friluftslivet

Gåveoverrekking

19. des. mottok Bokn sanitetsforening kr. 213.000,- frå Gjensidigestiftelsen. Pengane skal brukast til å styrka Alvestad nærmiljøanlegg med gapahuk, tømmerbenkar, bord og toalettbygg.

Ein takknemlig leiar i Bokn sanitetsforening, Reidun Grønnestad, seier til Inger Tone Ødegård i Gjensidigestiftelsenat at dei nå er eit skritt nærmare å få realisert draumane om å skapa eit betre aktivitetstilbod på Bokn. Alvestad nærmiljøanlegg, med m.a. den flotte kunstgrasbanen og badestrand, skal vera ein naturleg møtestad for turgåarar, skuleklasser, barnehagar og idrettslag - eit samlingspunkt i kommunen.

Ferdigstilling av området

Eldsjel Anette Våga, medlem av Sanitetsforeningen, har også jobba med dette prosjektet då ho var styremedlem i Bokn IL. Etter å ha søkt om støtte fleire plassar, synest ho det er kjempekjekt å ha nådd målet.
- 5. januar vil Sanitetsforeningen, Bokn IL, Speidaren og kommunen møtast og gå i gang, til glede for heile Bokn, fortel Anette Våga.
 

Stor dugnadsvilje

Inger Tone Ødegård fortel at prosjektet er midt i blinken for Gjensidigestiftelsen.

- Me er ein stiftelse som arbeider for å skapa eit sunnare, tryggare og meir aktivt Noreg. Dette gjer me m.a. gjennom å satsa på meistring og læring, sosial inkludering og mangfald samt fysisk aktivitet. Her har me ein miks som gjer alt dette. Dette er eit tilbod til alle, uavhengig av sosiale forhold, økonomi eller tilhøyrigheit. Når ein i tillegg veit at det blir lagt ned over 500 dugnadstimar for å få dette prosjektet i hamn er det ikkje anna enn ei glede å kunne bidra på den økonomiske sida, fortel ho.

Folkehelseprosjekt

- Me ser at stadig fleire unge er for passive og brukar mykje tid framfor PC og TV. Dette er eit enormt samfunnsproblem, for fysisk inaktivitet gir livstidssjukdommar som gir store kostnader til samfunnet. Derfor støttar me prosjekt som arbeider for å skapa lavterskeltilbod for folk flest, avsluttar Inger Tone Ødegård frå Gjensidigestiftelsen.

Bokn Sanitetsforening har også tidlegare mottatt pengegåve frå Sparebankstiftinga, til bygging av gapahuk ved Alvestad nærmiljøanlegg.