Kurs i samfunnsentreprenørskap i regi av Bokn Bondelag.

 Professor Lønning

Bokn Bondelag føler det er ein god optimisme på Bokn. Bøndene investerar og nye bønder kjem til. Fiskeria går godt og det er mange unge som velger denne yrkesvegen.

Mange unge velger å busetje seg på heimstaden etter skulegongen. Dei finn arbeid på båt, offshore eller i andre næringar i området. I motsetning til før då ein flytta ut for å gå på skule og få kom heim igjen, er det no fleire som blir heime, og som kjem heim igjen. Det er difor  mange fleire som kan vere med å skape endring og nye tradisjonar i kommunen.  Dette må utnyttast!

Emilie Moi Eikje i Bokn bondelag fortel at dette er grunnen til at dei har invitert Dag Jørund Lønning frå Høgskulen for landbruk og Bygdenæringar (HLB) til å halde fagkurs i Samfunnsentreprenørskap.

Dag Jørund Lønning er rektor ved høgskulen. Han har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på ny identitetsbygging/nyskaping og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn.

Lønning har leia ei rekkje rurale stad- og næringsutviklingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt, i tett samarbeid med aktørar i landbruk og bygdenæringar samt lokalt og regionalt verkemiddelapparat. Fleire av desse satsingane har leidd fram til nye verksemder og breie regionale satsingsfelt.

Høgskulen sjølv seier dette om kurset:

”Kommunar og bygder/stader som arbeider aktivt med lokal utvikling er oftast dei som lukkast best når det gjeld både nærings- og befolkningsutvikling.

HLB tilbyr no Fagkurs i samfunnsentreprenørskap, eit høgskulekurs som gjev skreddarsydd og praktisk kunnskap om korleis ein kan lukkast med lokalt utviklingsarbeid.

Sentrale tema er:

  • Kva er ressursgrunnlaget vårt, og korleis vidareforedlar me dette?
  • Korleis arbeider me med lokal mobilisering og medverknad?
  • Kva rolle kan kommunen spela i lokale utviklingstiltak?”’

Emilie uttdyper at med dette kurset skal kvar enkelt få ut sin indre kraft til å skape noko for seg sjølv og samfunnet rundt seg. Bokn Bondelag meinar at slike arbeidsplasser er dei beste arbeidsplassene.  Det blir skapt lokalt og derfor meir stabilt.

Dette er eit tema som mange kan relatere seg til, uavhengig av kor ein bur. Nettverk er viktig når ein er  i ein slik prosess, og me har difor invitert deltakarar frå fleire kommunar i distriktet. Ein treng ikkje ha ein ferdig forretningsplan for å delta, det er meir enn nok med ein liten ide, eller eit ønskje eller draum om å gjere noko meir eller noko anna.

Me i Bokn Bondelag håpar kurset skal gi litt meir kunnskap, samt inspirasjon og engasjement til å prøve noko nytt og til å  tørre å satse vidare. Det er mogleg å ta 10 studiepoeng i faget samfunnsentreprenørskap. Ein må då rekna litt meir eigenarbeid, samt ein avsluttande eksamen.

Det er mange eksemplar på at idear som byrja i garasjen eller på låven har blitt nasjonale og internasjonale bedrifter. Det største firmaet i Noreg om 20 år har ennå ikkje starta!

Ho informerer om at kurset går over fem dagar, fordelt på tre helger:

  • 19 og 20 november (laurdag og søndag)
  • 26 november (laurdag)
  • 6 og 7 januar (fredag og laurdag)

 

Kursavgift er kr 3 000,- (inkl. mat).

Bindande påmelding til Emilie Moi Eikje på tlf 93216339/epost: emilie.eikje@gmail.com innan 7 november 2016.