Kosekonsert i "Blackbox"

Fv. Marielle Nilsen Alvestad, Venevil Birkelund og Eiril Wahlgren Lie kosar seg på scenen i Bokn Arena.Det er klart for den første elevkonserten i Bokn Arena.

Fv. Marielle Nilsen Alvestad, Venevil Birkelund og Eiril Wahlgren Lie kosar seg på scenen i Bokn Arena.

Onsdag 14. desember kl. 16.30 blir scenen i den nye storstova gjort om til ein "blackbox". Då tar kulturskulelærar Venevil Birkelund og dei 15 pianoelevane hennar i mot familiemedlemmer (og andre interesserte dersom det er plass).

Den flotte scenen er laga slik at ein kan sitta i eit svart, lukka rom omgitt av svarte tepper/bakvegg og gardiner. Og det kan fort bli ei magisk stemning med berre farga lys i taket som lyskjelde.

Alt ligg til rette for ei intim og spanande adventsstund onsdag ettermiddag.