Betaling av kommunale avgifter

Bokn kommune har desse alternativa for betaling av kommunale avgifter.

  • Rekningar for kommunale avgifter blir fakturert med 4 terminar i året, men sidan 2022 har me i tillegg hatt tilbod om faktura kvar månad eller ein gong i året.
  • Dei som ynskjer å behalde ordninga med 4 terminar i året treng ikkje gje oss tilbakemelding.
  • Dei som ynskjer faktura kvar månad eller ein gong i året kan melda frå til oss ved å sende inn skjemaet under.