Me kan tilby

Alle pasient – og brukargrupper i Bokn kommune med trong for langvarige og koordinerte tenester kan vende seg til koordinerande eining.

Koordinerande eining skal:

  • bidra til å sikre heilskapelege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med trong for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering frå fleire fagområde, nivå og sektorar
  • ha kompetanse til å kartleggje behov, planleggje habiliterings – og rehabiliteringsverksemda og ha ei sentral rolle i utvikling av dette tilbodet
  • vere pådrivar for at tenesteytarane i fellesskap kan lukkast i å setje pasienten og brukaren sine heilhetlige behov i sentrum for tenesteytinga
  • leggje til rette for god brukarmedverknad. Denne skal også inkludere samhandling med pårørande

For å vurdere om du har rett til helse- og omsorgstenester vil koordinerande eining som regel innhente helseopplysningar frå fastlegen din. Dersom du har andre tenester fra før av, kan koordinerande eining til dømes innhente opplysningar frå heimetenesta. Dersom du søkjer om ei helse- og omsorgsteneste for første gong, er det vanleg at ein sakshandsamar kjem på heimebesøk til deg som ledd i utredninga.

Du vil få skriftlig svar på søknaden innan ein månad. Dersom søknaden ikkje kan behandlast innan denne fristen vil du få eit førebels svar med informasjon om sakshandsamingstid.
Du har rett til å klage på vedtaket. Informasjon om klageadgang finn du i vedtaket.