Sametingsvalet 2021

Det er sametingsval i Noreg kvart fjerde år. Alle samar som er registrerte i valmanntalet til Sametinget, har røysterett.

Sametingsvalet blir halde kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkrinsar som dekkjer heile landet. Kvar valkrins får tildelt mandat etter talet på manntalsførte i krinsen. Til saman blir det valt 39 representantar frå heile landet.

Måten du kan røyste på blir avgjort av kor mange som er registrerte i Sametingets valmanntal i din kommune.

Om du bor i ein kommune som har færre enn 30 personar registrert i Sametingets valmanntal, så kan du bare avgje førehandsrøyst. Valkortet vil fortelle deg om du må førehandsrøyste og kor røystegjevinga skal sendast.

I Bokn kommune må du førehandsrøyste dersom du skal røyste til Sametinget.