Bokn kyrkje

Bildet viser Bokn kyrkje. - Klikk for stort bileteBokn kyrkje. Jan Magne Moi

Bokn blei oppretta som eige kyrkjesokn og med eiga kyrkje og prest tidleg på 1100-talet. Den fyrste lutherske presten fekk Bokn i 1560. Kyrkjebygg har ein hatt i Bokn sidan mellomalderen. Den fyrste kyrkja var ei stavkyrkje og var plassert i området der dagens kyrkje står. Stavkyrkja blei erstatta av ei tømmerkyrkje i 1686. I 1847 stod dagens kyrkje ferdig bygd, tre år før Bokn blei eigen kommune.

Dagens kyrkje er teikna med utgangspunkt i Nærbø-kyrkja, og teikningane var laga av slottsarktiekt Hans Linstow. Den aller fyrste saka den nye kommunen hadde oppe til handsaming etter at han blei oppretta i 1850, handla om ein fordelingsnøkkel på nedbetaling av den nye kyrkja. Det hadde seg slik at byggegjelda skulle liknast ut på alle eigedommane i bygda slik at kvar skulle vera med og betala etter økonomisk evne. Men det blei mykje usemje om kven som skulle betale og kven som skulle sleppe.

Kart