Av miljøterapeut Elisabet Taraldlien
Det var spente ungdommar som møtte klokka ni om morgenen 11. april i Bokn arena. Kvelden før var Bokn ungdomsråd med og rigga til neste dag.
Demokrati
Petter Steen var invitert til å halde foredrag. Han er prosessrettleiar i KS sitt folkevaldprogram. Ungdommane fekk grundig og vel fortald historie om demokratiet og kvifor vi har fått eit politisk system slik vi kjenner det i dag. Litt alvor og mange gode historier og poeng fekk vi óg høyre.
Deltakarane sett frå scenen.
Elisabet Taraldlien/Rannveig F. Øvrebø
August frå Karmøy sitt ungdomsråd heldt eit veldig godt innlegg som handla om Fylkesungdomsrådet. Cecelia frå Tysvær sitt ungdomsråd hadde eit framifrå innlegg om Statsforvaltaren sitt ungdomspanel.
Besøk frå Haugaland Vekst
Vi hadde og besøk frå Haugaland vekst, der Gunn Evy Auestad utfordra ungdomsråda til å vurdera moglegheita for å danne eit Haugalandet Ung, eit råd der ungdom frå Haugalandet treffast - spennande.
Før lunsj fekk vi óg to fantastiske musikkstykker frå August på hans saksofon.
Takk for ein flott dag saman, og om de lurte, ungdom på Bokn og Haugalandet er ikkje mindre enn fantastiske!
Helsing ein særs nøgd koordinator, Elisabet.
Fleire glimt frå dagen: